Lensmannen har den siste tida vorte kontakta av folk om at det foregår mykje villmannskøyring i sentrum, skriv Aura Avis.
Det er observert bilar i 50 og 60-sona i ei fart av rundt 100 kilometer i timen, og det er berre eit tidsspørsmål før det vert ei alvorleg ulykke seier politibetjent Lars Olav Melkild til avisa.