Råkøyrde med baby

Ei kvinne i 20-åra frå Haram er dømt til fengsel i 15 dagar for å ha råkøyrt med babyen sin i baksetet. Tidlegare i august blei ho målt i 138 km/t i ei 80-sone, og i dommen heiter det at dette inneber alvorleg fare både for eige og andre sitt liv. Kvinna har vedgått råkøyringa, og i tillegg til fengselsstraffa misser ho førarkortet i 11 månader.