NRK Meny
Normal

Rådyrkalven ved havet

Rådyrkalven har lært av mora å legge seg flat og trykke om ei fare oppstår. Derfor gøymer han seg i det høge graset, når traktoren med slåmaskina kjem utpå.

Han håpar at faren skal gå over. . .

Leif Monsen reddar kalven frå slåmaskina.
Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Mange rådyrkalvar går i slåmaskiner og forhaustarar kvart år. Førsteslåtten er samtidig med at kalvane er berre 4-5 veker gamle. Då er dei enno for små til å springe unna når det blir farleg.

Ser du ei rådyrgeit på marka, kan du vere nesten sikker på at ho har kalvar i graset. Kjem ho frampå att når du byrjar å slå, er du garantert at dei er der. Sjølv om gardbrukaren går og leitar i graset, er dei vanskeleg å finne. Mange er heller ikkje klar over at dei køyrer i hel kalvar.

Den nyfødde kalven skal lære å beite.
Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Heimen ved havet

Rådyrkalven veks opp i skjørtet på mora ytterst på øya Gossen på Romsdalskysten. I Årgårdsvika er det kulturmark med skogkledde haugar rundt til å gøyme seg i, og havet er næraste nabo.

Leif Monsen har følgt med rådyra i ei rekkje år og kjenner levesettet deira. Vi er med han i terrenget og kjem nært på det som skjer i rådyrkalven sitt første leveår.

Vanskeleg vinter

Om vinteren er maten dårlegare, og dyra må spare på kreftene. Masse snø er kritisk for rådyrkalven, særleg hvis han blir jaga av andre dyr eller folk.

Men havet gjer klimaet mildt, og her er sjeldan mykje snø. Den snøen som kjem, smeltar ganske fort ved sjøen. Kalven beitar til alle tider av døgnet for å få nok næring. Han kryssar bilvegen ofte, og trafikken er ei konstant fare for livet.

Tidleg om våren før dei nye vekstene kjem opp, er matfatet så godt som tomt.

Rådyrkalven veks opp tett ved havet.
Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Brå slutt på omsorga

Men når maten endeleg spirer om våren, er det samtidig brått slutt på familieidyllen.

I mai har den eitt år gamle kalven hatt sitt første beskytta år i heimen. No blir han lyst fredlaus av sine eigne foreldre.

Ungdommen skal vekk heimanfrå og bukken og rågeita har kvar sine grunnar for å avslutte omsorga.

Ut i naturen, NRK 1, tirsdag 20. mars 2007 kl. 1930

Programansvarleg

Per Jarle Heggdalsvik

NRK Natur, Molde

Tlf. 71 20 59 15 – 957 45 919