Hopp til innhold

Fekk morgonbesøk av usjenerte rådyr

Utsikta frå kjøkkenvindauget tysdag morgon var ikkje heilt som vanleg for Karl Eidsheim.

frekk hjort

Rådyra tek for seg av potteplantene til Karl Eidsheim på Kringsjå.

Foto: Karl Eidsheim

Der stod nemleg to rådyr og jafsa på potteplantane som står under hageteltet til familien på Kringsjå i Molde.

Eidsheim var raskt ute med å opne vindauget og knipse bilde, utan at det hadde noko å seie for dei to ubedne gjestane, som uforstyrra heldt fram med sitt.

Les og:

Då han prøvde å jage dei vekk frå vindauget, fekk han same reaksjon.

– Eg måtte gå ut og jage dei til slutt.

frekk hjort

– Det er nok stor moglegheit for at dei kjem att. Eg skal ikkje hindre dei, tvert imot bør eg vel passe på å ta opp video, seier Eidsheim.

Foto: Karl Eidsheim

Lurer i traktene

Det er ikkje første gongen det er nærgåande rådyr i traktene. Ifølge Eidsheim har folk sett dei lure i skogen ovanfor fotballbana, og han tviler på at det er siste gongen det er besøk ute på plattingen.

Les og:

Men noko tiltak for å hindre fleire besøk kjem ikkje på tale.

– Det er berre artig med sånne naboar. Det er no litt blomster igjen endå, seier han muntert.