Måleapparat for radon.
Radon er ein radioaktiv edelgass som blir danna naturleg i berg og jord, og som kan gi lungekreft. Fire kommunar i fylket har vore med i ei undersøking som starta i 2000.
Sikra eldrebustader
Prosjektleiar i Sunndal, Halvor Bakke, seier dei har kjent til resultatat frå målingane ei stund, og dermed sett i verk tiltak i dei aktuelle områda. Spesielt har dei vore merksam under bygginga av omsorsgustadene på Gjøra. -Vi passa på at det blei lagt inn ekstra isolering og tetting i sokkel-etasjen på bygget, slik at det ikkje skulle kome radon-gass inn.
Radon i Innfjorden
I Rauma er det berre i Innfjorden at målingane viser for høge verdiar av denne jordgassen. Komunen er bedt om å sette i verk tiltak overfor husstandane i dette området, slik at dei blir merksame på risikoen. Stranda og Norddal var også med i den landsomfattande undersøkinga. I desse kommunane blei det ikkje påvist radon i særleg grad.