Hopp til innhold

Radiomasta kan bli fjerna

Det går mot ei snarleg avklaring av kva som skal skje med den 230 meter høge radiomasta på Vigra. Ifølge Avinor er masta ein fare for flytrafikken.

 

Radiomasta på Vigra
Foto: NRK

Fleire har tatt til orde for å fjerne masta, og no vil samferdselsdepartementet kome med ei endeleg avklaring, seier ekspedisjonssjef Ottar Ostnes.

Den 230 meter høge radiomasta på Vigra har gjennom fleire år ført til hovudbry for flygarar som skal lande og lette på Vigra.

Masta vart sett opp i 1952 for å sikre at fiskarar fekk radiosamband. Ny teknologi har erstatta den tradisjonelle mellombølgesendaren ombord i fiskebåtane og Fiskarlaget uttaler i si høyringsfråsegn at dei ikkje har noko i mot at masta fjernast.

Men radiomasta er den eldste av sitt slag som framleis er i bruk, og det er nettopp verneinteressene som har vore dei sterkaste argumenta mot å fjerne den.

No er det interessekonflikten mellom vern og flytryggleik samferdselsministeren må ta omsyn til, og flytryggleiken tel tungt, seier ekspedisjonssjef Ostnes.

Radiomasta på Vigra

Denne radiomasta kan no bli fjerna.

Foto: NRK

 

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL