Den 227 meter høge masta blei bygd i 1952, og har sidan sendt radioprogram på mellombølgjesendaren.
Masta har dei seinare åra vore til hinder for flytrafikken, og blir no rive etter ein avtale mellom Norkring og Avinor.
Radiomasta si veneforeining har kjempa for at masta skal stå. Dei meiner Vigra-sendaren er eit av dei viktigaste kulturminna i Møre og Romsdal.