- Dei har begynt å sjå på Tour de France på fjernsynet, og då fattar dei interesse for dette og ser kor fasinerande det kan vere, seier dagleg leiar i Sport1 i Molde, Arne Gjendem til NRK Møre og Romsdal.
Kurt Asle Arvesen
Romsdalingen Kurt Asle Arvesen må nok ta mykje av "æra" for at salet av nettopp denne typen raske syklar er i ferd med å ta av.
Arne Gjendem (til venstre) sel racersykkel til Odd Ivar Moen. Foto: Roar Strøm, NRK.
Off-road bytta med racer
Kunde Odd Ivar Moen fortel at han er ein av dei som er inspirert av Arvesen. - Eg kjøpte først off-road-sykkel. Men så blei eg fasiernt av Tour de France, spesielt av Kurt Asle Arvesen. Så no har eg kjøpt racer-sykkel, og blir med på landevegsritt, seier han.
Utstyr
Saman med det auka salet av racer-syklar, går det no også meir utstyr som blir brukt i denne typen sykkelsport. Sykkelsko, drakter, bukse sykkelskjorte, og ikkje minst hjelmar.
- Mange damer vil ikkje bruke hjelm, seier Arne Gjendem. Dei vil så gjerne vise fram håret sitt. Men vi klarer som regel å overtale dei til også å bruke hjelm, seier han.
"Alle" følgjer med
Også Arne Gjendem forklarar den auka interessa med at romsdalingen Kurt Asle Arvesen er med i Tour de France. - Vi sel mykje syklar på grunn av Kurt Asle Arvesen. Det ver i alle fall sikkert. Her i området følgjer "alle" med på Tour de France og er svært interesserte i korleis det går med han, seier Arne Gjendem.
Kurt Asle Arvesen inspirerer til sykkelfeber i Romsdal.