1/12 Det første juleheftet
Kva år kom det første juleheftet ut i Norge?
2/12 Det første teikneserieheftet
Det første juleheftet som berre bestod av teikneseriar kom ifølgje Store norske leksikon ut i 1914. Men kva slags hefte var det?
3/12 «Bringing Up Father»
Kva amerikansk teikneserie, gitt ut som julehefte i Norge første gong i 1934, har «Bringing Up Father» som originaltittel?
4/12 Nr. 91 Stomperud
Stomperud har vore eit av dei mest populære julehefta i Norge gjennom fleire tiår. Teikneserien kom ut som julehefte første gong i 1938, og har sidan kome ut kvart år sidan 1945. Men kva er fornamnet til soldaten Stomperud?
5/12 Vangsgutane
Kva heiter brørne i «Vangsgutane»?
6/12 Smørbukk
Smørbukk har også kome ut som julehefte årleg sidan krigen. Smørbukk er ein matglad gut som kjem ut for ei rekkje krevjande situasjonar. Men då teikneserien først vart trykt i Norsk barneblad i 1938 var Smørbukk basert på ein figur frå bøker på 1800-talet. Kven skreiv om Smørbukk den gongen?
7/12 Ingeniør
Eit norsk julehefte om ein ingeniør har vore populært i fleire periodar. Kva heiter ingeniøren?
8/12 Julehefte på bokmål
Kva for eitt av desse julehefta blir gitt ut med tekst på bokmål?
9/12 Mange seriar frå USA
Etter andre verdskrig vart det gitt ut ei heil rekkje julehefte i Norge med amerikanske teikneseriar. Ofte handla dei ikkje om jula i det heile. Kva for ein av desse seriane var først ute som julehefte i Norge?
10/12 Den andre gullalderen
Ein teikneserie om ein fotball- og musikkinteressert mann har fått æra for å ha sparka i gang den andre gullalderen med norske julehefte. Kven siktar vi til?
11/12 Litterære julehefte
Julehefte er ikkje berre teikneseriar. Det blir også gitt ut såkalla litterære julehefte i Norge. I 2015 var «Juleroser» eitt av dei ti mestseljande julehefta med eit opplag på 40.000. Men kven var redaktør?
12/12 Julehefte i 2018
Kva for eitt av desse julehefta blir ikkje gitt ut i 2018?
Ditt resultat
Du må svare på alle spørsmålene først.