Quiz: Kva veit du om norsk historie?

Når stod slaget ved Stiklestad? Og når var eigentleg jappetida? Test deg sjølv om dette og mykje meir i NRK sin historiequiz.

Frigjøringsdagen på Rådhusplassen i Sandnes

Frigjeringsdagen i Sandnes. Andre verdskrig i Norge var over. Men når skjedde det?

Foto: Statsarkivet i Stavanger

1/15 Den første kongen

HAFRSFJORDSPILLENE
Foto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix

Kven samla Norge til eitt rike?

2/15 Viktig slag

Slaget på Stiklestad
Foto: Akvarell, trolig fra 1859 / WIKIMEDIA COMMONS

Kva år stod slaget ved Stiklestad?

3/15 Firehundreårsnatta

Henrik Ibsen
Foto: Carl Størmer / NTB scanpix

I sitt stykke «Peer Gynt» nytta Henrik Ibsen uttrykket Firehundreaarig Natten ruged over Abekatten. Men kva «natt» på 400 år var det han snakka om?

4/15 Norsk-svensk konge

Det norske slott
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Kven vart norsk konge i november 1814?

5/15 Vald av folket

Kong Haakon VII

I dag kritiserer nokre dei kongelege for å ikkje vere valde av folket. Men då den danske prinsen Carl vart til den norske kongen Haakon VII i 1905, var han faktisk vald av det norske folket. Kor mange prosent røysta for monarki med Haakon VII som norsk konge?

6/15 Norsk prins

HMS Devonshire
Foto: Scanpix / NTB scanpix

Kong Haakon og dronning Maud hadde eitt barn. Guten vart fødd i 1903 og fekk namnet Alexander Edward Christian Frederik. Men kva var det norske namnet han fekk i 1905?

7/15 Folkerøystingar

Stemmeurne
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

At Norge har nasjonale folkerøystingar, skjer ikkje ofte. Sist var under EU-valet i 1994, 22 år etter det første valet om den same saka. Men det var ikkje første gongen Norge hadde folkerøysting om det same temaet to gonger. Kva handla folkerøystingane i 1919 og 1926 om?

8/15 Kortlevd arbeidarregjering

Christopher Hornsrud
Foto: SCANPIX / SCANPIX

Norge si første Arbeidarpartiregjering varte berre i knappe tre veker. Men kva år eksisterte ho?

9/15 Norsk medlemskap

NATO logo
Foto: Geoffroy Van Der Hasselt / AFP

Kva organisasjon vart Norge medlem av i 1949?

10/15 Etter Arbeidarpartiet si stordomstid

Per Borten
Foto: Johansen, Erik / SCANPIX

Neste gong Arbeidarpartiet fekk regjeringsmakt, gjekk det langt betre enn i 1928, i alle fall om vi tenkjer på varigheit. Ser vi vekk frå ein periode på tre veker i 1963, hadde Arbeidarpartiet statsministeren heilt frå 1935 til 1965. Men kven vart statsminister då Einar Gerhardsen til slutt måtte gå av etter valet i 1965?

11/15 Frigjeringsdagen

Folkemylder ved Grand hotel, 8. mai 1945
Foto: Kihle Aage / NTB scanpix

Kva dag blir rekna som frigjeringsdagen i Norge og markerte slutten på andre verdskrig her i landet?

12/15 EF-valet

Folkebevegelsen mot norsk medlemskap i EF arrangerte stort fakkeltog i Oslo.
Foto: SCANPIX / SCANPIX

I 1972 var det halde folkerøysting om kor vidt Norge skulle melde seg inn i EU, eller EF som dei vart kalla den gongen. Kor mange prosent røysta mot medlemskapen?

13/15 Jappetida

Jappetida
Foto: Brun, Agnete / NTB scanpix

Når omtrent var jappetida?

14/15 Statsminister i 1989

Jan P. Syse
Foto: NRK

Kåre Willoch (Høgre) og Gro Harlem Brundtland (Ap) sat som statsministrar gjennom nesten heile 80-talet. Men kva heitte Høgre-politikaren som var statsminister mellom 1989 og 1990?

15/15 Norsk statsminister

Erna Solberg, Kjell Magne Bondevik og Bill Clinton
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Kven var norsk statsminister i periodane 1997-2000 og 2001-2005?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.