NRK Meny
Normal

Quiz på fredag: Det er tid for å leite etter svar

Det er tid for å leite etter svar. Men kanskje ikkje akkurat etter det eine, einaste og absolutt rette svaret. Kvar fredag er det quiz på NRK Møre og Romsdal. Og blant alle svara som kjem inn skal Jann Leite finne det rette. Det vankar høgaktuelle premiar.

Jann Leite leder fredagsquiz i ettermiddagssendingen

Det er ikkje måte på styr når Jann Leite først set i gang. I fredagssendingane er det berre å kaste seg med. Quizen går kvar einaste fredag fram til og med FM-nettet er sløkt i Møre og Romsdal.

Alt fredag for to veker sidan var Jann Leite i gang. Og han fann det han såg etter. Det var absolutt ikkje det einaste, mest korrekte fasit-svaret han var ute etter. Nei, slett ikkje. Han fann fram til det mest kreative, oppfinnsame og geniale svaret.

Premien er ein DAB+-radio. Og konkurransen varer heilt til DAB+ er einerådande for dei største radiokanalane i Møre og Romsdal. Det vil seie når FM-nettet blir sløkt 8. februar.

Konkurransen går i ettermiddagssendinga fredag som startar etter Dagsnytt klokka 14.00. Ettermiddagssendinga finn du ved å slå på eit vanleg radioapparat, eller å velje «Radio» øvst på nettsidene til NRK.

Både ved å følgje denne lenkja, og ved å laste ned NRK sin radio-app kan du høyre radio også på mobiltelefonen din.

– Eg er klar som eit egg. Vi skal gje vekk DAB+-radioar. Altså, slike som virkar. Ikkje gamle DAB eller DAB minus, kunne Jann Leite fortelje.

Det er quiz det er snakk om?

– Ja, ja ja. Det er eitt spørsmål, kunne Jann Leite avsløre. Og sist fredag skulle det handle om vêret. Dei neste fredagane kjem det heilt sikkert til å handle om heilt andre ting.

Og svara han ønskjer seg handlar om éint ting. Nemleg om å vere kreativ.

Ver kreativ når du svarar. Men ikkje FOR kreativ. Ver kreativ på rette måten. For svara er litt finurlege, forklarte han og lovte å byrje litt enkelt.

For å gje ein forsmak på korleis denne konkurransen går, så får du her spørsmålet quizmaster Jann Leite stilte fredag 6. januar.

KVA ER DÅRLEG VER?

Ja, du høyrde rett. Eller las rett, rettare sagt. Det der var spørsmålet. Og slik blir nok stilen på spørsmåla vidare framover.

Her handla det om å vere rask på labben og sende svaret til 1987, med kodeord MR.

Programleiar Pål Kristian Lindseth sette på ei plate og venta på at tekstmeldingane skulle hagle inn. Og vips så poppa det det inn med svar, faktisk også svar som var kreative men ikkje for kreative, men kreative på rette måten.

– Ho, hoi. No gjekk det ei kule varmt, sa Pål Kristian Lindseth på direkten fredag 6. januar. For inn kom det eit skred med forslag til svar. Det fossa inn med svar, sa han.

Quizmaster Jan Leite fulgte opp.

Ja, det koka. Det koka på nettet. Her er det mykje rart. Og han måtte gjere det klart at svar som «Det fins ikkje dårlege klær» ikkje var kvalifisert. Desse er det mange av, kunne han fortelje. Dette var ein barnesjukdom i fredags-quizen som vi skal rydde opp i, la han til.

Jann Leite blei lettare sjokkert over det store talet på svar, og måtte verkeleg arbeide i bunken for å finne svaret han meinte kvalifiserte til dagens premie.

– Dårleg ver er for det første mykje nedbør eller sterk vind eller låg temperatur eller gjerne ein kombinasjon av to eller tre av desse. Det er fasiten, kunne Jan Leite proklamere før vinnaren blei utropt.

Og er du glad i quiz OG kan tenkje deg å bli eigar av ein DAB+-radio må du høyre på ettermiddagssendinga til NRK Møre og Romsdal og bli med.