NRK Meny
Normal

Pyntar med nobel og nordmann

- Det er nobelgrana som er mest brukt til pyntegrønt, seier juletreseljar Edmund Meyer.

Nordmannsgran

NORDMANNSGRAN: - Litt lysare enn nobelgrana, seier Edmund Meyer.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Edmund Meyer i juletreskogen

MÅ INN FRÅ KULDA: - Pyntegrønt og juletre luktar meir med ein gong det kjem inn i huset, seier Meyer.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Han har fleire sortar som folk kan velje mellom når han sel pyntegrønt. I tillegg til nobeledelgran er også nordmannsedelgran ein sort folk vil ha.

- Nordmannsgrana er litt lysare grøn, og mange syns det er litt artig å blande, seier han.

Dei som skal lage dekorasjonar veit kva dei vil ha. Så dei går og plukkar.

Edmund Meyer

Folk veit kva dei vil ha

Nobelgrana, som også er kjent som nobilis, har grove, store nåler som ikkje visnar så fort. Dermed blir den populær mellom dei som vil lage dekorasjonar.

- Dei som skal lage dekorasjonar veit kva dei vil ha. Så dei går og plukkar. "Kva kostar denne?" spør dei gjerne, ler Meyer.

Og då kjem svaret an på om dei berre skal ha pyntegrønt, eller om det går inn i pakken med juletreet frå Meyer.

- Det kjem an på humøret eg er i, ler han.

Fjelledelgran

POPULÆRT SOM JULETRE: Men ikkje som pyntegrønt, seier Meyer om Fjelledelgrana.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Vil ha julelukt

Pyntegrønt går det mest av i tida rett før jul, fortel han. Nokre vil lage dekorasjonar, andre vil berre sikre seg at dei får skikkeleg julelukt inn i huset.

- Det er ein del som bur i små leilegheiter, men dei vil ha noko skikkeleg, og det får dei med nobelgrana, meiner han.

- Når greina kjem inn i varmen og tinar skikkeleg kjem lukta endå betre fram, seier han.