Hopp til innhold

Pusterom for verftsnæringa

Ulstein verft håper bankpakken vil føre til nye ordrer.

Video nsps_upload_2009_2_9_20_32_19_491.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Tore Ulstein
Foto: Andreas Sundby / NRK

- Den er i utgangspunktet positiv, men det store spørsmålet frå vår side er kva den gjer for våre kundar, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulsteinkonsernet.

- Det som er viktig for oss er at dei får lånefinansiering slik at dei bestiller båtar hos oss.

Lånefinansiering

Sjølv om ordresituasjonen er god for Ulstein verft har det også her vore usikkerheit om alle bestillingane hadde finansiering.

Fram til sommaren 2011 skal Ulstein veft levere 8 skip og tiltaka frå regjeringa gir større sikkerheit for at dei ikkje blir avbestillt.

- Alle er redde for arbeidsplassane sine og det gjeld også oss, seier Hanne Notøy, elektrikar ved Ulstein Elektro.

Ho har arbeidd i verftsnæringa i over 20 år.

Den maritime klynga på Sunnmøre har vore ein god garanti for arbeidsplassene dei siste åra, men ingen har glømt at det berre er nokre få år sidan kranane stod stille på verfta.

- Eg veit ikkje om det er alderen som gjer at ein føler nedturane som farlegare enn når ein var ung. Men kjekt med nedturar er det aldri.