NRK Meny
Normal

Laurdag kan du sjå Pushwagner i Ålesund

Laurdag opnar Studio Hugo Opdal ei utstilling med den kjende kunstnaren Pushwagner i Ålesund.

Men du må skunde deg dersom du vil sjå utstillinga. Utstillinga henger berre på Studio Hugo Opdal laurdag og søndag 18–19. Oktober.

Pushwagner er ein av dei viktigaste samtidskunstnarane i Norge, og både eldre og nyare kunstverk blir utstilt.

Utstillinga ved Studio Hugo Opdal/JACU viser eit tverrsnitt av den eksentriske kunstnarens virke gjennom grafiske arbeider, handkolorerte trykk og enkelte måleri.

Dersom han er i form vil også den 74-årige kunstnaren sjølv vere til stades på opninga.