Hopp til innhold

Pus utan hus

Ingen kommunar vil gi pengar til eit kattehus i Møre og Romsdal.

Katt

Katt som skal treng ein ny heim.

Foto: Dyrebeskyttelsen

Før sommaren ba Dyrebeskyttelsen om hjelp, men over 20 kommunar har ikkje svart på brevet, og 13 vil ikkje gi noko.

Les også: Vil ha kattehus

- Har ikkje fått ein hundrelapp eingong

Cathrine Engen Avseth, leder i Dyrebeskyttelsen i Møre og Romsdal.

Cathrine Engen Avseth

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Leiar Cathrine Engen Avseth i Dyrebeskyttelsen Møre og Romsdal er lei seg for den manglande interessa.

- Eg er veldig skuffa, vi har ikkje fått ein hundrelapp eingong med ein einaste kommune. Det er ikkje berre pengar vi har spurt etter, vi har også bede om anna hjelp, men vi har fått ingenting, seier Engen Avseth.

Skuldar på økonomien

Dyrebeskyttelsen vil ta vare på villkattar som dei meiner er eit stort problem i heile Møre og Romsdal. Ein av kommunane som ikkje vil støtte eit slikt hus er Fræna. Ordførar Kjell Lode seier kommunen ikkje har pengar til dette.

- Vår økonomiske situasjon er såpass pressa at vi har problem med å ta vare på innbyggjarane våre om vi då ikkje må ta vare på husdyra eller kattar for den del, seier Lode.

- Eg kan ikkje forstå anna enn at det er ting kommunane kan hjelpe oss med visst dei gadd å ta kontakt, seier Engen Avseth.

Økonomin er det kommunane brukar som årsak for å avslå søknaden. Rådmann Ole-Johan Lillestøl i Sykkylve kommune seier at den vanskelege økonomine til kommunen gjer at dei må avgrense kva dei brukar pengar på.

- Sjølv om det ikkje alltid er dei store summane det er snakk om, så blir det fort mange bekkar små, seier Lillestøl.

- Kattehus ikkje fint nok?

Fleire kommunar etterlyser betre informasjonsarbeid for at folk ikkje skal dumpe kattane sine på gata. Dyrebeskyttelsen seier at dette er noko av det dei driv med, men at dette også kostar pengar. Cathrine Engen Avseth gir seg ikkje med dette her.

- Kanskje folk og kommunane ikkje greier å godta ordet kattehus, så vi vil finne eit nytt ord og kanskje kalle det hjelpesenter. Det høyres kanskje litt finare ut for fint folk, seier Engen Avseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL