Hopp til innhold

Pus rømte frå Ålesund til Island i containerskip

Katten hadde vore borte i meir enn to veker og familien i Ålesund hadde forsona seg med at han var død. Plutseleg fekk dei vite at Pus var i live. På Island.

Katt vart funnen i container på Island

Slik såg Pus ut då Margrét Sól Ragnarsdóttir og den islandske familien fann han i containeren.

Foto: privat

Den sju år gamle katten til Grete Hove i Ålesund er heimekjær og plar aldri gå langt bort frå huset i Spjelkavika. 9. juni forsvann han plutseleg og etter nokre dagar vart familien bekymra.

– Vi leita langs vegane og i grøftene. Vi hengde opp lappar med etterlysing og bad naboane sjekke garasjane sine, men ingen hadde sett Pus, fortel Hove. Ho etterlyste også katten på ei facebookgruppe for forsvunne dyr.

Katten til Grete Hove i Ålesund

Familien var sikker på at sju år gamle Pus hadde blitt påkøyrt. Dei vart overraska då dei oppdaga at han var på Island.

Foto: privat

Trudde han var død

Medan dette leitearbeidet heldt på var ein islandsk familie i nabolaget i full gang med å tømme huset sitt. Dei skulle flytte tilbake til Island og fylte ein container med møblar. Containeren skulle sendast med båt til sagaøya. Ingen såg at ein firbeint pelskledd luring sneik seg inn i flyttelasset.

Etter kvart som tida gjekk og ingen katt dukka opp heime hos Grete, forsona ho seg med at Pus truleg var påkøyrt og død.

– Eg prøvde å finne ein måte å fortelje det på til guten vår, seier Hove.

Katten kom ut av container

Containeren vart frakta bort frå huset til den islandske familien 13. juni og sendt til Island nokre dagar etterpå. Då Aldís Gunnarsdóttir og mannen opna containeren onsdag 27. juni såg dei at det var kattehår over alt.

– Vi forstod med ein gang at det var ein katt som hadde kome seg inn, men vi fann ikkje han. Eg frykta at han var død, fortel Gunnarsdóttir. Dei tok ut nesten alle møblane og der fekk dei auge på katten. Pus stod i eit hjørne og var livredd. Han var tynn og hadde mist mykje hår. Gunnarsdóttir kjente ikkje att katten, men rekna med at det var ein ålesunder. Ho posta bilete av han på Facebook og fekk raskt mistanken stadfesta. Det var nabokatten.

Må få islandsk pass

I Ålesund var det glede i heimen over at pus ikkje var død slik dei frykta.

– Det er klart vi vart glade over at han lever, men det er ikkje så enkelt å få Pus tilbake som vi trudde, seier Hove. Ifylgje reglane må katten vaksinerast på Island og få islandsk pass. No vert Pus tatt hand om av Mattilsynet på Island.

Håpet er at Pus skal komme heim til Ålesund i løpet av nokre dagar.