Hopp til innhold

Dette vart for dryg kost for iTunes

I dag kom ålesundaren Mikhael Paskalev ut med sitt første album. Men for iTunes vart coveret med pupp og rumpesprekk for drygt.

Mikhael Paskalev

Dette platecoveret vart i drygaste laget for iTunes. Mikhael Paskalev hadde venta at det vart reaksjonar.

Foto: Amin Musa

– Eg vart eigentleg ikkje så overraska, seier Mikhael Paskalev til Dagbladet.

Platecoveret viser ein sliten, småfull artist med sminke rennande utover ansiktet. Han omfamnar ei naken kvinne. iTunes sine reglar er så strenge at plateselskapet måtte bruke eit anna plateomslagsbilete her.

Trudde fleire ville reagere

Så lenge det berre er ein salskanal som synest at coveret er for drygt, gjer det ingen ting for Paskalev. Han hadde faktisk venta at fleire ville reagere.

– Sjølv om vi laga coveret for at det skulle passe til musikken, er det jo musikken som er det aller viktigaste, seier Paskalev til NRK.

Mikhael Paskalev på Sinus i Bodø

Mikhael Paskalev har hatt eit intenst år etter at han vann Urørt. I dag kom han ut med sitt første album.

Foto: Kjartan Nilsen

Bileta vart tatt på veslejulaftan etter halvanna månad med intens jobbing for å få ferdig plata. Fotograferinga vart kombinert med ein fest. Paskalev seier at det ligg ikkje noko djupare meining bak motivet, anna enn at han synest det var ein kul ide.

Gøy at folk bryr seg

Manager Erle Strøm tar sensuren med eit smil.

– Det er i grunn berre gøy at coveret vekker kjensler hos folk. Det er eit sterkt bilete, seier Strøm til NRK.

Vann urørt

Det er eit år sidan Paskalev vann «Årets Urørt» og vart omtalt som den mest spanande norske debutanten. Det har vore eit springbrett for den unge musikaren. Det siste året har vore hektisk med mykje konsertar, massiv mediemerksemd og plateinnspeling.

Albumet har vore utsett mange gongar, og difor er dette ein stor dag for ålesundaren. Skiva er produsert av Joe Willis i Liverpool, England, og har fått namnet «What's Life Without Losers».

– I dag tar eg det heilt med ro og det kjennest bra ut. Eg feirar med litt bowling i kveld, seier Paskalev.

Kontorkonsert med Mikhael Paskalev hos Wimp i Oslo, 5. februar 2013.

Kontorkonsert med Mikhael Paskalev