Hopp til innhold

Pudderfest i fjellet

Ein meter tørr puddersnø er ikkje det du forventar å oppleve i mai. Men slik er det fleire stader i landet no.

Pudderfest i fjellet

Per Eikrem på veg ned frå fjellet Hurrungen i Romsdalen (1276 m.o.h.) laurdag. Bla i galleriet for å sjå fleire bilde frå pudderfesten i fjellet.

Foto: Georg Espe
Ein meter tørr puddersnø er ikkje det du forventar å oppleve i mai. Men slik er det fleire stader i landet no.

På Fingeren

Ved fjellet Fingeren (1180 m.o.h) i Sunnmørsalpane klokka 8 måndag morgon. Stig Helset fekk køyre ski i nydeleg tørrsnø heilt til bilen. Han målte ein meter tørr nysnø i sida.

Foto: Stig Helset

– Eg starta å gå klokka 7 om morgonen måndag, slik at eg fekk renne før snøen vart påverka av vårsola. Dermed fekk eg køyre tørr nysnø heilt til bilen, fortel Stig Helset (48).

Han har gått toppturar heilt frå han var liten, men har aldri opplevd slike mengder pudder i mai før.

Hadde forventa vårskitur

Pudderfest blei det også for kameratgjengen som reiste til Romsdalen for å gå toppturar i helga. Dei hadde forventa grovkorna vårsnø då dei planla turen, men skjønte snart at det ikkje blei slik.

– Vi er ein gjeng som studerte saman på NHH i Bergen, og reiste med forventning om å få sjå rå Romsdals-natur i pomp og prakt. Slik blei det ikkje, fortel Per Eikrem.

Naturen var rå, men det var ikkje så lett å sjå på grunn av snøvêr og dårleg sikt.

– Til gjengjeld fekk vi vannvittig gode skiforhold. Særleg fredagen, fortel han.

Per Eikrem i fri flyt i maisnø

Per Eikrem i fri flyt i maisnø.

Foto: Georg Espe

Vel tilbake i Oslo forstår han at folk er lei av snø i låglandet, men han har eit godt råd som er betre enn å gå rundt og klage over feil ver til feil årstid:

– Dersom du er på rett stad – er det berre å komme seg ut og bruke snøen. Mange stader er det uvanleg flotte forhold no. Det er ein ekstravinter. Ein kjempebonus! seier han.

Viktig å vere på hogget

Stig Helset meiner også at folk no må nytte snøfallet. Men det er viktig å ta lure val – både for å få god snø å køyre i, og for å unngå snøskred.

Stig Helset

Stig Helset er ein erfaren fjellmann, og såg fort at det var lurt å ta ein tidleg tur i Sunnmørsalpene etter snøfallet i helga. Bonusen var ein meter pudder.

Foto: Privat

– Folk må vere på hogget. Vårsola endrar snøen fort, så etter snøfall er det lurt å vere tidleg ute, eller velje nord- eller vestvende sider der sola ikkje får så godt tak, seier han.

Sjekk skredvarselet her.

Vakthavande meteorolog Martin Granerød ved Meteorologisk institutt seier vêret vil halde seg kjølig over heile landet fram mot helga, men at det deretter er venta å bli litt mildare.

– Det er meir usikkert for neste veke. Det kan sjå ut som det kjem inn ein høgtrykksrygg, men at det framleis blir kjølig i Nord-Norge, seier han.

Sjekk vêrvarselet her.

Stig Helset ned frå Brekketindane i mars

Brekketindane i Sunnmørsalpane i starten av mars. – Då var det meir forventa å få køyre pudder enn no i mai, seier Stig Helset

Foto: Anders Vestergård / Ranglefant