NRK Meny
Normal

Publikumsrekord i Molde

Det går mot publikumsrekord for sesongen på Aker stadion i morgon.

Tornekrattet på Aker stadion.
Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Like før klokka 16 fredag var det berre 500 billettar ledige på nett til fotballkampen mellom Molde og Rosenborg. I tillegg er det 900 billettar som kan kjøpast gjennom supporterbutikken til MFK

Jan Byttingsvik

Marknadsdirektør i MFK, Jan Byttingsvik.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Fulle tribunar

Marknadsdirektør i MFK, Jan Byttingsvik seier kampen er i ferd med å bli utselt og det er førstemann til mølla. Viktig at folk er tidlig ute før kampen laurdag for å unngå kø.

Dersom kampen blir utselt er det første gong i årets sesong og det har ikkje vore fullt sidan det siste store oppgjeret mellom Molde og Ålesund i 2006.

Molde har tatt sju poeng på de sju første kampane, og ligg fjerde sist på tabellen, på plassen bak Rosenborg.