Hopp til innhold

Publikum sviktar AaFK

– Dei sportslege resultata er nok hovudårsaka til publikumsnedgangen, seier Henrik Hoff. Klubbdirektøren seier dei har vore førebudd på at besøkstala ville gå ned, samanlikna med då stadion var ny og også samanlikna med år der AaFK har kjempa høgare på tabellen.

Henrik Hoff

Klubbdirektør Henrik Hoff seier dei sportslege resultata er viktigaste årsaka til at publikum uteblir.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Ingen klubbar i eliteserien har hatt større nedgang i publikumstal enn Aalesunds Fotballklubb i sesongen som blei avslutta i helga. Nedgangen er på nesten 12 prosent samanlikna med 2014-sesongen.

Leif Øverland

Leif Øverland i Norsk Toppfotball presenterte publikumstala.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Det er Norsk Toppfotball som presenterer tala i dag. Dei viser at samla sett har dei to øvste divisjonane ein oppgang i tilstrøyminga av publikum med 4,44 prosent frå i fjor. Men det er 1.divisjon som drar lasset. For vel 1,6 millionar tilskodarar i eliteserien er ein nedgang på 3,67 prosent, men 1.divisjon gjer altså at totalen går i pluss.

Størst nedgang

Leke James feirer målet

Det var færre tilskodarar på Color Line denne sesongen samanlikna med 2014.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Og i vår øvste divisjon er det AaFK som har merka nedgangen mest. På tabellen som viser utviklinga frå i fjor ligg AaFK sist, med ein nedgang på 11,92 prosent. Det gir eit tilskodarsnitt på heimekampane på knappe 7 000. Dette er nesten identisk med snittala per runde i eliteserien.

– Når det kjem færre enn budsjettert må vi skjere andre stader, vedgår klubbdirektør Henrik Hoff.

Færre også i Molde

Viking

Det var til tider godt om plass også på Aker Stadion.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Også Molde har ein nedgang, men den er langt mindre dramatisk. MFK har ein svikt i publikumstala på vel tre prosent. Tre lag hadde større nedgang enn Molde sesongen 2015, og snittalet er nesten 9 000 tilskodarar per kamp.

Ei trøyst er at berre Rosenborg, Viking og Vålerenga har høgare tilskodarsnitt. MFK kan også trøyste seg med dei tilskodarane som har kome og som kjem i samband med Europaligaen, og som ikkje er med i denne statistikken.

Sportsleg nedtur

Mjøndalen-supporter

Mjøndalen rykte ned, men hadde størst auke i publikumstal.

Foto: Erik Sergio Auklend / NRK

Mangel på suksess i serien er nok noko av forklaringa for både Aalesund og Molde. Men laget som i går blei klart for nedrykk, Mjøndalen, er faktisk det laget med størst auke i publikumstilstrøyminga. Laget som fekk ein gjesteopptreden i eliteserien hadde ein publikumsauke på nesten 126 prosent.

Ros til Hødd

Nye Høddvoll Arena

Over 2000 tilskodarar i snitt møtte opp på Nye Høddvoll.

Men 1.divisjon er altså med på å dra totaltala opp. Administrerande direktør i Norsk Toppfotball, Leif Øverland, viser til at Brann spelte i 1.divisjon denne sesongen, og trakk over 10 000 per kamp.

Øverland gir også honør til Hødd.

– Hødd har ein ny stadion og eit snitt på 2067 tilskodarar, trass i at det bor relativt lite folk i dette området, så dette er imponerande.

Kristiansund

Mot Brann var det fullt hus, men også i Kristainsund er det plass til fleire.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Men verken Hødd eller Kristiansund kunne vise til fulle hus då laga spelte kvalifiseringskampar om opprykk i går, så det er plass til fleire både i Molde, Ålesund, Kristiansund og Ulsteinvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL