Hopp til innhold

Psykologar usamde om jakt kan vere skadeleg for små barn

På mange stader er det tradisjon for å ta med barn heilt ned i barnehagealder på jakt. Det kan skade den empatiske utviklinga deira, meiner ein barnepsykolog.

Barnehage på jakt på Halsa i Heim

Kristian Lerheim i NJFF Møre og Romsdal lærer barnehagebarna på Halsa om hjorten dei nettopp har skote. Dei fekk høyre, men ikkje sjå sjølve fellinga.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Barnehagebarna er samla rundt den nyfelte hjorten medan jegeren begynner å skjere opp magen på den. «Det er ekkelt å sjå på», kjem det frå ein av ungane. Men like etter kjem nokre av dei fram, kjenner, fniser og ler.

Fleire barnehagar lèt ungane bli med på jakt som ein del av undervisninga. Nyleg var NRK med barn på hjortejakt på Halsa i Trøndelag. Etter at jegerane skaut ein bukk, var dei med på slakt.

Å ta barna med på jakt kan vere skadeleg, meiner spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi Ida Skjerden, som også er ein engasjert dyrevernar.

– Eg tenkjer at det kan risikere og skade barnas kjenslemessige utvikling. Barna er sårbare, er i utvikling og veldig mottakelege for sterke inntrykk, seier Skjerden.

Ida Skjerden, psykologspesialist

Spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi Ida Skjerden synest det er umoralsk å ta med små barn på jakt. Ho er også styremedlem i Aktivt Rovdyrvern.

Foto: Privat

Skjerden trur ikkje at alle barn er i faresona, men er bekymra for at det kan gje dei sårbare barna traume.

– Barn er fødde med ein disposisjon til å kjenne empati og innleving med andre levande vesen, også dyr. Barn er veldig glade i dyr i utgangspunktet, dei kosar med kosebamsen sin, har ofte husdyr eller kjeledyr ein er veldig glad i og knyter seg til. Dette er noko som ligg medfødd og naturleg i oss alle, seier Skjerden.

Psykologen meiner også at ein lærer barna at det er gøy og riktig å drepe dyr, og at dei er for små til å danne eigne meiningar og motførestillingar til det dei er med på.

Barnehage på hjortejakt i Halsa. Vomming.

Barna på Halsa fekk sjå og kjenne under vomming og slakting av hjorten.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Kan vere ein positiv erfaring

At det er gale å ta med barn på jakt er Elisabeth Gerhardsen ueinig i. Ho er psykolog med tilsvarande spesialisering, og har jobba med barn og unge mange stader i landet i nær 35 år.

Psykologspesialist Elisabeth Gerhardsen

Elisabeth Gerhardsen er forfattar og psykologspesialist i barne- og ungdomspsykologi. I dag jobbar ho for Samisk Nasjonal Kompetansetjeneste i psykisk helsevern og rus.

Foto: Biret Rávdná Eira

– Eg tenkjer det kan vere ein positiv erfaring for barn så lenge dei blir forklart kva dette handlar om, kvifor det blir gjort, og at dyret blir handtert av personar som gjer dette riktig og skånsamt. Eg tenkjer det kan vere viktig del av forståinga om kvar maten dei fleste av oss et kjem frå, seier Gerhardsen.

Ho er sjølv same og har jobba mykje med barn som veks opp i reindrift som blir tatt med på slakt frå dei er bitte små.

– Då ser dei også dyret i live før det blir fanga for å bli slakta. Det er ingenting som tyder på at dei blir skremde av det, eller at dei får mindre empati. Dei blir samtidig lært opp til å vise respekt for både levande og døde dyr, og å vise takksemd ved å utnytte alt i dyret, seier Gerhardsen.

Her tar dei barna med på hjortejakt Her er barnehagen med på hjortejakt

Hjortejakt med barnehager på Halsa i Heim.

Derimot er barnepsykologen skeptisk til å ta med barn på store slakteri.

– Det er ein mykje meir industrialisert form for slakting som kan vere skremmande og overveldande for små barn å sjå, når det blir slakta i stort omfang og stort tempo. Det er ikkje ein stad eg ville tatt med ein treåring, seier Gerdhardsen.

Barnehage på hjortejakt på Halsa.

Barnehagane i Halsa har vore med fleire år på jakt. På Halsa er det store mengder hjort, og dei har ein sterk tradisjon for jakt.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kjenner seg trygg

På Halsa har barnehagar vore med på jakt i sju år. Assisterande styrar på Liabø barnehage kjenner seg trygg på at kvar jakt har vore godt organisert.

– Vi har ikkje sett at ungane har reagert med redsel i ettertid. At det er spennande ja, men eg har ikkje opplevd at nokon har tatt noko skade av det, seier Siv Janne Rodal.

Ho legg til at det følgje nøye med på reaksjonar hos ungane. Det å vere med på etterspelet med slakt er vesentleg for den pedagogiske verdien, meiner barnehagepedagogen.

– Vi prøver å moderere oss ved å vise respekt for dyr. Prosessen er så viktig. Det er trist å avlive eit dyr, men det ein naturleg ting det og, seier Rodal.