Hopp til innhold

Psykolog fryktar Tarzan-kroppen skal skade unge menn

Psykologen Asle Halvorsen åtvarar unge menn om å drøyme om kroppen til filmhelten Tarzan. Han fryktar det kan føre til eteforstyrringar.

The Legend of Tarzan

Det er slike bilde av den muskuløse Alexander Skarsgård (framme) som uroar psykolog Asle Halvorsen. Han meiner unge gutar som strevar etter ein slik kropp, eigentleg ønskjer å bli likte.

Foto: SF Norge AS

Det er dei svulmande overarmane og muskelbunkane på magen til Tarzan (Alexander Skarsgård) i den nye Tarzan-filmen som får den anerkjende psykologen til å sjå raudt.

Endå mindre synest han om oppslaget til VG.no om korleis skodespelaren åt og trente for å få Tarzan-kroppen.

– Folk bør tenke godt gjennom kva det gjer med seg sjølv og sine når ein ser slike oppskrifter, seier Asle Halvorsen. Han ser heller ikkje bort frå at bilda er manipulerte, og at den nye Tarzan difor ser betre ut på filmlerretet enn i det verkelege livet.

Les NRK si omtale av filmen her:

Ber folk vere kritiske

Asle Halvorsen

Psykolog Asle Halvorsen ber folk vere kritiske. – Vi veit ikkje om det er denne oppskrifta skodespelaren har følgt for å få denne Tarzan-kroppen.

Foto: Privat

Halvorsen er psykolog for eteforstyrringar ved Haukeland universitetssjukehus. Han oppmodar folk om å vere kritiske til det dei ser og les på nett.

Sjølv har han spesielt bite seg merke i kosthalds- og treningsprogrammet, som folk kan studere via VG. Her heiter det at det tok den svenske supertrenaren Magnus Lygdbäck ni månader å "skape" Tarzan-kroppen.

– Eg liker ikkje at VG deler ein slik artikkel, men eg tenker meir på dei som les dette, seier Halvorsen.

Seier det krevst mykje

For å oppnå ein slik kropp krevst både tid, innsats og ofring.

– Det krevst mykje energi for å oppnå ein slik kropp. Er det så gøy å måtte seie nei til venner og ting ein har lyst til, men i følgje oppskrifta ikkje kan gjere? Ein bør tenke seg godt om, om dette er noko ein vil, seier Halvorsen og trekkjer fram eit døme:

Tarzan

Denne saka har VG hatt på framsida si i fleire dagar. Psykolog Asle Halvorsen er svært negativ til kva følgjer eit oppslag som dette kan få for unge menn.

Foto: Faksimile frå VG

– Dersom ein samanliknar det med fitnessutøvarar, er det berre på scena kroppen deira ser slik ut.

Fryktar eteforstyrringar

Halvorsen åtvarar mot at ideal som Tarzan kan føre til eteforstyrringar.

– Om lag 1 av 10 av pasientane for eteforstyrring er gutar og menn. Det er langt færre enn hos kvinner, men det er nok ein del mørketal.

Halvorsen trur mange ønskjer seg ein muskuløs, maskulin og slank kropp for å bli betre likt.

– Ein bør spørje seg sjølv når ein ser på sine eigne relasjonar, venner eller kjæraste, kva er det som er viktig med denne personen? Er det kroppen deira, eller heilt andre eigenskapar? Ein tenker meir over korleis ein sjølv ser ut, enn korleis andre ser ut.

Gard Steiro

Nyheitsredaktør i VG, Gard Steiro.

Foto: Jan M. Lillebø / Jan M. Lillebø

Vil ikkje fremme kroppspress

VG-redaktør Gard Steiro svarer slik på kritikken frå psykologen:

– Vi oppmodar ingen til å følgje dette kosthaldet og treningsprogrammet, det siterer vi også trenaren på i artikkelen. Dette er ein stor film og det er ikkje så unormalt at vi skriv om korleis skodespelarar førebur seg til rolla, også kroppslege forandringar, seier nyheitsredaktøren.