Psykisk helse i verdsrommet

Skulelaget Vågsaturn frå Vågsetra fekk skryt under den internasjonale konkurransen Scandinavian Innovation Award i Trondheim måndag. Etter å ha slått ut 900 lag var Vågsaturn eitt av ti norske lag som deltok i konkurransen. Laget frå Vågsetra har forska på psykisk helse i verdsrommet.

– Forskarspirane på Vågsaturn presenterte ei nytenkjande og smart løysing. Dei har lagt ned imponerande glød, innsats og læringsvilje, sa Cathrine Instebø i Equinor Morgendagens Helter.

Vågsaturn sin løysing heiter Smart Interactive Ball og er ein stressball som kan påverke humøret med ulike former for lys.

Det var laget Space Robot frå Øren skole i Drammen som vann konkurransen.

Vågsaturn, Vågsetra
Foto: Glen Musk / Glen Musk