Hopp til innhold

Psykiatrisk pasient hoppa av i fart – drosjesjåførar ber om hjelp

Ein psykiatrisk pasient fekk store hovudskadar etter at han hoppa ut av ei drosje i fart. Fleire drosjesjåførar seier utagerande pasientar er ein stor trussel.

Ulykke ved Storbakken

Mannen som hoppa av i fart i ei 80-sone fekk alvorlege skadar, men omkom ikkje.

Foto: Ronny Myrset

Det var 80 km/t på vegen der den psykiatriske pasienten hoppa av i fart tidlegare i haust. Mannen var på veg frå legevakta i Kristiansund til den psykiatriske avdelinga på Hjelset, ein avstand på vel fem mil. Men allereie etter vel 16 kilometer, ved Storbakken i Frei, enda turen, då pasienten hoppa av i fart.

– Heldigvis har vi ikkje opplevd noko slikt før, seier Knut Jektvik, som er formann i Kristiansund taxi.

Knut Magne Jektvik opplever at piratdrosjer blir frekkere og fekkere

Formann i Kristiansund taxi, Knut Jektvik, seier fleire sjåførar har opplevd at psykiatriske pasientar har forsvunne under ferjeturar, og at dei må overtale dei til å setje seg inn igjen.

Foto: Anne Mari Flatset

Drosjesjåføren er ifølgje arbeidsgjevaren sin underlagt teieplikt, og kan difor ikkje uttale seg til NRK.

Men mannen hamna i grøfta ved riksvegen og fekk store hovudskadar i fallet.

Ber om følgje i drosjene

Leiaren i Norges Taxiforbund si avdeling i Møre og Romsdal, Per-Morten Bjørlykke, seier fleire sjåførar har opplevd at ustabile pasientar utgjer ein fare både for seg sjølv og andre. Han seier fleire har opplevd episodar med pasientar som har rykt i rattet og gått fysisk laus på dei under transporten, eller stukke av når drosja har stoppa på ferja.

Per-Morten Bjørlykke

Per-Morten Bjørlykke i Norges Taxiforbund si avdeling i Møre og Romsdal seier fleire drosjesjåførar har opplevd at ustabile pasientar har gått laus på dei.

Foto: privat

– Drosjesjåførar sit på ei potent bombe. Heldigvis skjer det ikkje så ofte, men når det skjer kan det vere fatalt, seier han.

Han meiner psykiatriske pasientar oftare burde ha med seg nokon, for å unngå vanskelege situasjonar.

– Vi blir pålagt transportar som vi ikkje burde tatt, seier han.

Meiner dagens regelverk fungerer godt

Det er Helse Midt-Noreg som teiknar kontrakt med drosjene om transport. Dersom legen vurderer det som unødvendig med ambulanse, kan det bli bestilt drosje i staden. Kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås skriv i ein e-post at pasientar kan ha med følgje, dersom den som bestiller transport vurderer det som nødvendig. Han meiner dagens regelverk fungerer godt.

Tor Harald Haukås

Kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås i Helse Midt-Noreg meiner dagens system med vurdering av følgje for psykiatriske pasientar i drosjer, fungerer godt.

Foto: Eir-J.Bue

– Dei lokale køyrekontora gjer i dag ein god jobb med å følge opp med god informasjon og opplæring av rekvirentane. Dette er eit kontinuerleg arbeid og noko som er sett på dagsorden fordi det er viktig å sikre rett og trygg pasienttransport for kvar einskild pasient.

Vil ikkje granske drosjetransporten

I etterkant har både politiet og Fylkeslegen granska den konkrete saka, men førebels er det ikkje trekt nokon konklusjon.

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier det ikkje er aktuelt å granske om helsepersonell generelt er for slepphendte med å sende psykiatriske pasientar i drosjer.

Leiinga ved Kristiansund alarmsentral vil ikkje kommentere saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL