Hopp til innhold

Provosert over speleautomatar

Krf-ungdommen i Ålesund likar dårleg annonsene for dei nye speleautomatane. Norsk Tipping bryt løftet om å ikkje annonsere.

Simon Molvær Grimstad
Foto: Trond Vestre / NRK


Ålesund Krfu er provoserte over at Norsk Tipping bryt løftet om å ikkje annonsere for speleautomatar. Simon Molvær Grimstad hevdar at også dei nye automatane vil trekkje til seg unge speleavhengige.

- Eg syns Norsk Tipping er ganske pengefokuserte, som no forsøkjer å samle gamle speleavhengige rundt nye automatar, seier Molvær Grimstad.

Bakgrunnen er at Norsk Tipping har brote løftet om å ikkje annonsere for speleautomatar. Både i VG og Dagbladet har dei marknadsført den nye automaten Multix. Ein av føresetnadene for at Norsk Tipping skulle få monopol på speleautomatar i Noreg, var at dei ikkje skulle marknadsføre automatane.

Foreininga Pårørande til speleavhengige krev no at slike annonser aldri kjem att.

Fryktar unge blir lokka


I 2007 vart dei gamle speleautomatane avvikla. No blir desse erstatta av nye speleterminalar med strengare reglar. Berre dei over 18 år får spele og det er ikkje mogleg å tape meir enn 2200 kroner i månaden. Likevel er Simon Molvær Grimstad uroa:

- Vi fryktar at desse speleautomante kjem til å treffe også våre aldersgrupper. Vi trur at dei som no er 18 år og som spelar poker på nett, kan kome til å gå over til speleautomatar og oppleve at dei får ut raske pengar i kontantar, seier han.

Beklagar

Direktør for informasjon og samfunnskontakt i Norsk Tipping, Peer J. Svenkerud, beklager måten dei har marknadsført dei nye automatane på. Reklamen er stoppa, men Svenkerud meiner KrFu kan vere heilt trygg på at automatane ikkje skal skape avhengigheit.

- Speleterminalane er designa nettopp for å motvirke speleavhengige, så det er ingen grunn til å uroe seg, seier han.