Bustyrar Per Øverbø seier dei arbeidar for å finne kjøparar som vil starte opp att verksemdene til Aluscan og Alox Nor på Rausand.
-Det er svært få som driv med same type verksemd som dei to bedriftene og jobben er difor vanskeleg, seier Øverbø.
Har fått lønna si
Samtidig er det no klart at dei fleste av dei 100 tidlegare tilsette ved Alox Nor og Aluscan no har fått løna som dei har tilgode.
Framleis er det nokon som manglar feriepengar dei har tilgode i selskapet Alox Nor, seier Kurt Bugge som er tidlegare tilsett i selskapet.
Aluscan og Alox Nor vart slått konkurs i november i fjor, og først no har dei tilsette fått pengane dei hadde krav på frå lønsgarantifondet.