NRK Meny
Normal

Prøver å finne løysing for kyrkjeasylant

Kvinna som har søkt kyrkjeasyl i Spjelkavik kirke i Ålesund, kan ikkje bli verande over lengre tid. Fredag skal kyrkja ha møte med kvinna og bistandsadvokaten hennar.

Spjelkavik kirke

Kvinna søkte kyrkjasyl saman med dottera si etter eit samlivsbrot.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det var 13. februar at den norske kvinna søkte kyrkjeasyl i Ålesund saman med dottera si. Bakgrunnen er eit opprivande samlivsbrot med den utanlandske barnefaren. Ifylgje VG vart dei to sønene hennar henta på skulen av barnevernet og barnefaren i byrjinga av februar. Han har meld henne for kidnapping då ho ikkje kom tilbake til det søreuropeiske landet dei var busett i, etter at ho tok med seg barna til Ålesund i august.

Ketil Hjelset er leiar i soknerådet i Spjelkavik og seier at alle ynskjer ei løysing i saka.

– Kvinna ynskjer ikkje å forlate kyrkja før ho føler seg trygg og vi vil ikkje hive henne ut mot hennar vilje. Det er ikkje fullt så enkelt som å berre sette ein dato, seier Hjelset.

LES OGSÅ:

Kan ikkje bli buande

Kjetil Hjelset

Ketil Hjelset i Spjelkavik sokneråd seier at det ikkje berre er å sette ein dato for nrå kvinna skal flytte ut av kyrkja.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Biskop Ingeborg Midttømme sa til NRK tidlegare denne veka at saka må få ei løysing snarast. Ho anbefalte at kvinna skulle få senke skuldrene nokre dagar i kyrkja, under vilkår av at saka vart løyst på ei veke. No har det gått over to veker.

– Det er klart at ho ikkje kan bli buande her, så vi må jo arbeide for å få løyst situasjonen, seier Hjelset.

Fredag skal det vere møte mellom kvinna, bistandsadvokaten hennar og kyrkja.

Kor vanskeleg er saka for kyrkja?

– For oss er det ikkje vanskeleg i det heile tatt. Kvinna har fått eit rom i underetasjen hos oss og er ikkje til bry for oss. Men det er klart at vi kjenner på ansvaret vi har tatt på oss, seier Hjelset.

Kan føre til fleire saker

Hjelset kjenner ikkje til liknande saker der nordmenn har søkt kyrkjeasyl på grunn av private konfliktar. Han trur denne saka kan føre til at fleire kjem til å gjere det same.

– Det er ikkje noko vi ynskjer, men det er verre ting som skjer enn at folk kjem til kyrkja for å be om hjelp, seier Hjelset.

Det har ikkje lukkast NRK å få tak i bistandsadvokaten til kvinna.