Hopp til innhold

Prøveprosjekt med gratis buss

Randi Frisvoll i KrF trur eit tre månaders prøveprosjekt med gratis buss fører til at fleire tar bussen. Ei utgreiing frå fylkeskommunen viser at eit slikt forsøk i heile fylket kostar 47 millionar kroner. Men Frisvoll seier ho vil foreslå eit forsøksprosjekt i ein av byane, og meiner at Ålesund peikar seg ut, men at det kan bli utvida til Molde og Kristiansund dersom dette fungerer.

Randi Walderhaug Frisvoll, fylkesleiar i KrF.
Foto: Silje Bjerknes / NRK