Hopp til innhold

Prøvde å svindle til seg 400.000 kroner

Ei kvinne og ein mann i 30-åra er tiltalte for forsikringssvindel, etter at dei skal ha dumpa to bilar ved Gjenstø kai på Vevang i Eide

Tiltale

Ein mann og ei kvinne er tiltalt for å ha dumpa bilane sine i sjøen i eit forsøk på å svindle til seg pengar kroner frå forsikringsselskapa sine.

Foto: NRK

Etter dumpinga skal dei ha forsøkt å få ut nesten 400.000 kroner frå forsikringsselskapa sine.

Dumpa bilane i sjøen

I mars 2010 oppgav mannen og kvinna til Sparebank 1 Skadeforsikring AS at bilane deira var stolne. Då hadde dei allereie vore inne hos politiet i Molde for å melde tjuveriet.

Les og:

Mannen og kvinna sette fram krav om høvesvis 108.000 og 273.000 kroner i erstatning.

Men tjuveria er i følge tiltalen rein bløff. Det er dei tiltalte sjølv som skal ha fjerna bilane, som seinare blei funne i sjøen ved Gjengstø kai på Vevang.

Fekk meirsmak

Kvinna er også tiltalt for ei tidlegare sak i 2009, kor ho lukkast i å lure forsikringsselskapet sitt til å betale nesten 120.000 kroner.

Også her vart det hevda at ein bil var stolen, endå ho visste at den var i utlandet.

Sakene kjem opp for retten i oktober.