Hopp til innhold

Prøvde å svindle forsikringsselskap

Ein avdelingssjef i ei fiskeribedrift på Sunnmøre er dømt til å betale bedrifta 1,7 millionar kroner etter forsøk på forsikringssvindel.

Ålesund tinghus

Mannen er i Sunnmøre tingrett dømt til å betale 1,7 millionar kroner til bedrifta han var tilsett i.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Avdelingssjefen i fiskeribedrifta forsøkte å lure forsikringsselskapet til å tru at dei hadde omfattande tap etter ein brann, men det viste seg å vere berre oppspinn.

Det var i 2011 at det starta å brenne i lokala til ei fiskeribedrift i Aust-Europa, som er eigd av eit selskap på Sunnmøre. Verksemda hadde teikna forsikring hos eit norsk forsikringsselskap, framgår det av dommen i Sunnmøre tingrett.

I tida før brannen var det ikkje produksjon i lokala og fryseanlegget var slått av. Uvedkomande tok seg inn på området og tente på lokala. Blant anna vart det eine av fire fryselager utbrent. For å rekne ut kor mykje skadane etter brannen kosta, hyra forsikringsselskapet inn eit skadefirma. Dei anslo at det var gått tapt verdiar for litt over to millionar kroner, står det i dommen.

Forfalska avtalar

Sunnmørsbedrifta sende derimot inn eit krav til forsikringsselskapet på 16 millionar kroner. Avdelingssjefen, som no er dømt, la ved avtalar dei hadde inngått med fiskeriselskap, for å vise at dei ville tape på å halde stengt etter brannen. I møte med forsikringsselskapet innrømte han at avtalane var forfalska, står det i dommen.

Bedrifta bestemte seg for å fråfalle kravet mot forsikringsselskapet og fekk dermed ikkje utbetalt noko etter brannen.

Gjekk konkurs

I 2013 gjekk dei konkurs og under konkursbehandlinga varsla bustyrar eit erstatningskrav på fem millionar kroner mot mannen. Dette var for tap verksemda hadde blitt påført fordi dei ikkje fekk forsikringspengar etter brannen.

Bustyrar meiner forfalskinga hans var årsaka til at forsikringsdekninga gjekk tapt.

Må betale 1, 7 millionar kroner

Retten la til grunn at brannen medførte skader på 2,5 millionar. Med avkorting på 40 prosent fordi uvedkomande kom seg inn gjennom ein ulåst port, ville bedrifta ha fått utbetalt 1,5 millionar kroner frå forsikringsselskapet. Med bakgrunn i det vart mannen dømt til å betale 1,7 millionar kroner, fordi han også var skuldig over 200.000 kroner frå før.

Ankefristen er

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL