Hopp til innhold

Protesterte mot vassreinseanlegg

Rundt 150 personar møtte fram i Spjelkavik i kveld for å protesterte mot eit planlagt vassreinseanlegg. Kommunen planlegg at anlegget skal vere 13 meter høgt. Dei frammøte danna eit «menneskeleg gjerde» der bygget etter planen skal kome for å vise motvilje. – Dette handlar ikkje om at vi ikkje vil ha anlegget nært inn på oss, men at dette er den siste grøne lunga i indre bydel. Vi vil heller ha ein park enn eit anlegg, seier Helga Krogsæter Ytrebø, leiar i aksjonsgruppa. Ho kalla frammøtet i Spjelkavik for «magisk» og aksjonen for «eit hjartevarmt og godt innbyggjarinitiativ».

Vassprotest Spjelkavik
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL