Hopp til innhold

Meiner forbod er feil løysing

Fredag ettermiddag demonstrerte Rød Ungdom, Sosialistisk Ungdom og Unge Venstre i Molde mot regjeringa sitt vedtak om forbod mot tigging.

Verda er urettferdig - ikkje prøv å skjule det
Foto: Magnus Harnes / NRK

Med pappskilt og koppar viste medlem i Rød Ungdom og Sosialistisk Ungdom i Molde, samt andre engasjerte i saka kva dei syntest om regjeringa sitt vedtak om å innføre nasjonalt tiggeforbod.

Leiar i Molde Rød Ungdom, Christian Eikeland, trur det er mange som er imot å forby tigging.

Protestslagord1

'Du veit ikkje kven eg er, kva eg har gjort. Men å spørje om hjelp blir ulovleg!'

Foto: Magnus Harnes / NRK

Problemet forsvinn ikkje

– Vi ser ikkje problemet. Dersom nokon føler seg for privilegert til å sjå på fattige menneske, trur eg dei treng å gå nokre rundar med seg sjølv og tenke «gjer eg det riktige no?»

Protesterer

Fleire ungdommar frå partia Rød Ungdom og Sosialistisk Ungdom i Molde viser si misnøye med regjeringa si innføring av nasjonalt tiggarforbod. Unge Venstre støtta også oppom aksjonen, men hadde ikkje høve til å stille.

Foto: Magnus Harnes / NRK

Eikeland etterlyser meir informasjon om temaet.

– Det er ikkje slik at om du fjernar det frå synet, så er ikkje problemet der lengre. Om du fjernar tiggarane frå gata er dei framleis menneske som treng hjelp.

Kommunane kan sjølv innføre forbod mot tigging eller «tiggefrie soner» frå 1. juli. I Molde kan det blir tiggefrie soner allereie frå midten av juli, under jazzfestivalen i byen.

Les også: