NRK Meny
Normal

Sildefiskarane protesterer mot låge kvotar

Notbåtane ligg i kø ved fiskemottaka for å få levert store mengder sild. Havforskar seier at det ikkje vil bli endring i kvotane i år.

Sildefiskarane protesterer mot låge kvotar. Notbåtane ligg no i kø ved fiskemottaka for å få levert silda.

Kystnotbåtene ligg å ventar i Hjørungavåg i Hareid kommune i kø for å losse sild ved Norway Pelagic Liavåg.

Tore Hillersøy, formann i Sør-Norge Not.

Tore Hillersøy, formann i Sør-Norge Not, meiner at det er mykje meir sild i havet enn det forskarane trur.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Tore Hillersøy, formann i Sør-Norge Not, seier at sild er fin med flott kvalitet. Han fortel at dei får enorme mengder sild i nota.

I døgnet vert det levert mellom 600 og 700 tonn sild til Norway Pelagic Liavåg. Fiskarane rapporterer om store mengder sild, medan forskarar fryktar at sildebestanden går ned og reduserer kvotane.

– Det forstår vi ikkje. For fire år sidan då hadde vi tre gonger så store kvotar, men vi fekk på langt nær like mykje sild som vi gjer no. Vi seier ikkje dette for å få fiske meir, men vi vil vite om forskarane har rett eller ikkje, seier Hillersøy.

Kjem ikkje til å endre kvotane

Ingolf Røttingen, havforskar ved Havforskingsinstituttet, seier at det ikkje er planar om å endre kvotane.

– Det er mykje sild som samlast langs kysten no, men bestanden er på rundt fire millionar tonn, og det er ikkje planer om endring på kvoten i 2014.

Han seier at når havforskarar meiner at bestanden har gått under fem millionar tonn så skal skattleggingsgraden verte mindre.

– Den eine grunnen til nedgangen i sildekvoten er at vi har sett ein reduksjon i bestanden dei siste åra, og dette er ikkje på grunn av for stort fiske, men at dei rekrutterande årsklassane til gytebestanden har vore lågare, seier Røttingen.

Han seier også at dei ikkje ser ein vekst i gytebestanden framover. Den andre grunnen til at kvoten er mindre er at skattleggingsgraden for bestanden er redusert for å unngå sildekollaps som vi hadde for rundt 30–40 år sidan.

Sildekvoter - norway pelagic liavåg

Ingolf Røttingen, havforskar ved Havforskingsinstituttet, seier at det ikkje er planar om å endre kvotane.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK