Hopp til innhold

Dei har fått nok av forfallet på skulen sin

Forfallet er svært synleg og inneklimaet gir hovudverk og dårleg konsentrasjon. No har elevar og foreldre ved Kolvikbakken ungdomsskule fått nok.

Elevar og foreldre reagerer sterkt på arbeidsforholda ved Kolvikbakken ungdomsskule i Ålesund.

Torsdag protesterte elevane på Kolvikbakken ungdomsskule mot at skulen deira ikkje vert rehabilitert likevel.

Elevar og foreldre reagerer sterkt på arbeidsforholda ved Kolvikbakken ungdomsskule i Ålesund. I fleire år har skulen vore arbeidsplass utan godkjenning av helsevernet i kommunen.

– Det er trongt her inne. Vi er 30 elevar i eit lite klasserom, fortel Christan Ødegaard Hamnes som er tillitsvalt i 8A.

– Det er 1,8 kvadratmeter per elev når ein skal ta med pult, stol og sitteplass. Det er veldig trongt, seier han oppgitt.

Skulle pussast opp i 2001

Torsdag gjekk elevar, foreldre og lærar til aksjon for skulen.

– Vi protesterer no fordi politikarane meiner at vi ikkje skal få pengar til å pusse opp skulen. Det skulle eigentleg vore gjort i 2001, fortel Hamnes.

Brakker kom på plass i 2001 som mellombels klasserom medan skulen skulle pussast opp. Med nye kuttforslag frå rådmannen risikerer Kolvikbakken å måtte vente endå fleire år på rehabilitering.

Vil ha spleiselag

– Vi har diskutert eigedomsskatt i mange år. No har det blitt bestemt at næringslivet skal sleppe skatten, noko vi synest er underleg. Her må det til eit spleiselag - ein dugnad - for dette må vi få på plass, seier bystyrerepresentant Sindre Nakken (Ap).

Varaordføraren meiner at sal av kommunale eigedomar kan betre økonomien, men å auke eigedomsskatten kan han ikkje vere med på.

– Vi har gått til val på å redusere eigedomsskatten, så å gå frå den vallovnaden til å auke skatten, det blir ein stor kamel å svelge, seier varaordførar i Ålesund Geir Stenseth (Frp).

– Andre bør vike

Nok er nok for Kolvikbakken. Uansett kommuneøkonomi meiner dei at det er deira tur no.

– No har vi venta så lenge at no må nokon andre må vike for oss, seier Jannicke Flo som sit i foreldreutvalet på skulen.