Protesterer mot ferjekutt

Tre grendalag på sørvest-sida av Voldsfjorden protesterer mot planlagde kutt i ferjesambandet mellom Volda og Lauvstad.

– Endringa er omfattande og medfører ei vesentleg forringing av rutetilbodet. Endringa grip om seg med ventetid i begge endar og dårlegare tilpasningar til arbeidstid, skulekvardag, opningstider i SFO og barnehagar, skriv grendalaga.

Det er grendalaga på Dravlaus og Inselset, Lauvstad og Velsvik og på Rovde som har sendt protesten.

Ferje i Volda
Foto: Geir Løvbugt