I eitt år skal Fannefjordtunnelen vere stengt etter klokka 18 på grunn av vedlikehald. Då dette vart kjent, førte det til heftige reaksjonar. Bygdefolket meinte stenginga ville sette dei fleire år tilbake i tid. Også transportnæringa var uroa. Frykten var at mange store trailerar ville velge den smale fylkesvegen rundt Osen, eller at ferga Molde-Vestnes, ikkje skulle makte å ta unna all trafikken. Etter seks veker med stenging har protestane stilna.
Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen seier folk har tilpassa seg verkelegheita.
Foto: Gunnar Sandvik/NRK– Vårt inntrykk er at det fungerer godt. Dette er ein totalpakke med mykje informasjon og skilting. Folk tilpasser seg verklegheita, seier Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen.
Fleire reiser kollektivt
Kveldsstenginga har ført til at fleire reiser kollektivt framfor privatbil mellom Molde sentrum, Bolsøya og Skålahalvøya. Hurtigbåten mellom Bolsøya og Molde har hatt ein jamn auke frå 600 passasjerar i veka til over 900 passasjerar.
Christoffer Fatland Lie og Magne Hanestadhaugen i samferdsleavdelinga meiner brukarane av dei alternative reisetilboda er godt nøgde, etter små justeringar
Foto: Gunnar Sandvik/NRK– Folk er stort sett nøgde, seier rådgivar Magne Hanestadhaugen i samferdsleavdelinga i fylkeskommunen.
Det er gjort enkelte justeringar for å betre korrespondansen mellom buss og ferje og fly. Det aller største problemet har vore veret, der hurtigbåten har blitt innstilt. Då går det i staden buss rundt Osen, som sjølvsagt tar lengre tid.
Unge får drosje
Også det subsidierte drosjetilbodet har slått an. Dette er bestillingstransport der til dømes barn og ungdom kan kome seg til og frå fritidsaktivitetar.
– Det har fungert svært bra. Folk er nøgde med å ha eit tilbod når tunnelen er stengt, seier Christoffer Fatland Lie. Han er kommunikasjonsarbeidar i samferdsleavdelinga.
Renoveringa av Fannefjordtunnelen skal foregå ut året.