NRK Meny

Prosjektkoordinator i nye Ålesund

Anne Berit Støyva Emblem har fått tilbod om å bli prosjektkoordinator for nye Ålesund kommune. Ho har hovudfag i administrasjon, og lang og variert erfaring med prosessleiing i offentleg sektor, samt ansvar for ei rekke omstilling- og endringsprosjekt. 43-åringen kan gå inn i stillinga i januar etter å ha fått permisjon frå sin noverande jobb i Kystverket.

Anne Berit Støyva Emblem
Foto: Pressebilde