Hopp til innhold

Aktor: –Fotografen utnytta jentene kynisk

Aktor meiner at «hobbyfotografen» i Ålesund har kynisk utnytta unge, naive jenter. Mannen er tiltalt for å ha fotografert jenter under 18 år i seksualiserte situasjonar.

Inger Myklebust Ferstad

Inger Myklebust Ferstad er aktor i saka mot hobbyfotografen frå Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

Under rettssaka mot «hobbyfotografen» i Ålesund la aktor onsdag formiddag ned påstand om fengsel i 1 år og 10 månader. 6 av månadene har utgangspunkt i tiltalepunkta om seksualisert fotografering av unge jenter. Resten av påstanden tek utgangspunkt i tiltalepunkta om vald i familen.

– Dette handla ikkje om fotokunst. Dette var kynisk utnytting av jentene, sa aktor Inger Myklebust Ferstad i prosedyren.

Tiltalten gjeld fotografering av 37 unge jenter i seksualiserte situasjonar. Jentene kom i kontakt med fotografen gjennom venninner og gjennom sosiale medier. I retten har fleire av jentene forklart at dei ønskete å få teke fine bilete av seg, og at dei etter kvart blei med på ein aktivitet dei eigentleg ikkje ønskte.

– Barna er framstilte som sexobjekt. Det er fokus på rompe og skritt. Dei skrevar og befølar seg sjølv. Lite er overlate til fantasien, sa aktor.

Under prosedyren viste aktor viste også til bilete som spelte på fetisjar, med blanke gummi-aktige klede og utstyr. Jentene var sminka, nokre hadde parykkar og poserte i utfordrande positurar.

– Det er sjølve fotograferings-verksemda som er det mest alvorlege i denne saka. Men at han også har bileta på harddiskane i sitt eige er eit ulovleg forhold, sa aktor.

Aktor hevda at fotograferinga meir handla om tilfredsstilling av den tiltalte sine seksuelle lyster, meir enn fotokunst. Ho viste til video-materialet, som viser korleis fotografen kommuniserte med jentene. Fleire jenter har også forklart at mannen blei gira og sveitta mykje under fotograferinga.

– Det er ikkje mykje fotograf-takter hos tiltalte. Det vi snakkar om her er noko meir enn fotografering. Retten må legge til grunn at han har utnytta unge, naive, sårbare jenter. Med eitt fokus for auget: Å få jentene til å gjere det HAN ønskjer, for si eiga tilfredsstilling, sa aktor.

Eit spørsmål som dukka opp fleire gonger er paradokset med at fleire av jentene oppsøkte fotografen fleire gonger, trass i at dei følte situasjonen som ekkel. Aktor viste til at jentene er unge og naive og var lette å leie.

– Jentene har bite på. Dei vil bli sett, dei ville føle seg pene og dei ville ha positive tilbakemeldingar. Dei var enkle bytte for fotografen, sa aktor.

– Det er klart at dei kunne seie nei og gå. Men dei er unge og naive. Dei er usikre, og har gjort det i skjul for foreldra. Og dei har gått lengre enn dei sjølve ante. Og denne mannen, som dei hadde tiltru til, gjekk over grensene. Det er ein utspekulert grenseoverskridande aktivitet som er straffbar, sa aktor.

I prosedyren gjentok aktor ansvaret som påligg ein vaksen når ein driv aktivitet saman med barn. Jentene visste at fotografen var vaksen, han hadde familie og han hadde barn.

– Dei fleste oppfatta han som ein vaksen fotograf. Dei fekk merksemd, dei fekk komplement. Men samtidig kjøpslo han med dei. Dei kom med posane sine med eigne klede. Desse kleda var han ikkje interessert i. Han søkte eigen seksuell tilfredsstilling ved å ikle jentene latex-klede, og fekk jentene til å stå i dei mest utfordrande stillingar.

Rettssaka handa også om vald i heimen. Ifølgje tiltalen har mannen slått både den tidlegare sambuaren og den eldste sonen sin.

– Han slo sambuaren sin fleire gonger. Og han trua med å slå henne. Dermed heldt han ein kontroll og ei frykt i forholdet til henne, sa aktor.

– Også sonen var redd for å bli slått, fordi far hans hadde slått han før, sa aktor.

Aktor Inger Myklebust Ferstad la vekt på at det ikkje berre er konkret og direkte vald som er straffbart i ein slik samanheng, men også det å skape ein konstant frykt som familiemedlemene måtte leve i.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL