Aktor: – Alle vilkår er til stades for å døme dei tiltalte

Aktor la torsdag formiddag ned påstand om fengsel i fem år for begge dei tiltalte i valdtektssaka i Ålesund. Den yngste av dei tiltalte bør i tillegg fengslast i 1 år og 2 månader for valdstilfella han står tiltalt for, meiner aktor. Forsvararane krev frifinning.

Ingvild Thorn Nordheim

Ingvild Thorn Nordheim er aktor i valdtektssaka som går for Sunnmøre tingrett denne veka.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er venta dom i saka 10. juli. Fram til den datoen, må dommar Kjetil Gjøen og dei to lekdomarane finne ut om aktor sine påstandar kan provast ut over rimeleg tvil, eller om tvilen somskal kome tiltalte til gode fører til frifinning.

Spørsmåle er om det er gode nok prov for at kvinna blei valdteken, om ho var så rusa at ho ikkje kunne gjere motstand, og om dei to tiltalte var saman om valdtekta.

– Tilpassa forklaringane

Aktor Ingvild Thorn Nordheim meiner at alle vilkår er til stades for å døme dei tiltalte for å ha samarbeidd om valdtekt av ei 18 år gamal kvinne i Ålesund 30. desember 2012.
Thorn Nordheim la i sin prosedyre vekt på at det ikkje er samsvar i forklaringane til dei tiltalte, medan kvinna heile vegen har fortalt ei og same historie.

– Dei tiltalte har tilpassa forklaringane sine etter kvart som dei har fått kjennskap til etterforskinga. Kvinna har ikkje endra forklaring på eitt einaste punkt, sa Ingvild Thorn Nordheim i Sunnmøre tingrett torsdag.

Reidar Andresen

Reidar Andresen er forsvarar for den eldste av dei tiltalte. Dette er den tiltalte som tok med seg kvinna frå utestaden til loftsrommet i Sundgata 7.

Foto: Terje Reite / NRK
Dagfinn Tynes

Dagfinn Tynes er forsvarar for den yngste av dei tiltalte. Denne tiltalte hevdar han hadde frivillig sex med kvinna. Han er også tiltalt for vald mot tidlegare sambuar og andre.

Foto: Terje Reite / NRK

Ulike forklaringar om rus

Den eldste av dei tiltalte forklarte at han tykte det var vanskeleg å seie kven som var mest full, han eller kvinna. Kvinna sjølv, og fleire vitne var ikkje i tvil om at kvinna var så full at ho knapt klarte å halde seg oppreist. Kvinna forklarte at ho brått fekk ein type rus ho ikkje kjende frå før, og at ho meiner ho må ha blitt dopa ned.

Begge dei tiltalte hevda at kvinna hinta om sex, og at det var ho som tok initiativ til sexuell aktivitet. Vitne har i retten forklart seg om det motsette. Ved utestaden var den eldste tiltalte pågåande og ville ha jenta med seg, medan jenta ikkje var interessert, men heller ikkje direkte avvisande.

Vitneutsegna om kor rusa kvinna var kjem frå edru folk som var på jobb. Det kom frå ei dørvakt på utestaden og frå ein tilsett på eit gatekjøkken, sa aktor. Og påstandane om at mennene ikkje ville ha sex, men at kvinna tok initiativ og «gjekk i kvinna si felle» står ikkje til truande, sa aktor.

– Kvinna var overstadig rusa og vel så det. Korleis kan ei kvinne som knapt kan stå på føtene gå frå mann til mann og nærmast tvinge seg til sex, spurte aktor retorisk.

– DNA-funn støttar kvinna si forklaring

Aktor minte også om forskjellen i betydninga av rus i forhold til offer og gjerningsperson. Å utnytte eit menneske som er sterkt rusa og ute av stand til å motsetje seg handlinga er ei viktig del av valdtektsparagrafen i straffelova. Gjerningspersonane derimot skal dømast som om dei var edru. Sjølvpåført rus fråtek ikkje ein gjerningsperson noko straffeansvar, minte aktor om.

Aktor meiner også at funn av DNA støttar opp om kvinna si forklaring. Det er funne DNA-spor frå både kvinna og dei to tiltalte på madrassen, ein ølboks og ein sigarettsneip. Både ølboksen og sneipen blei funnen på loftsrommet der valdtekten skal ha skjedd.

Ein av dei tiltalte hevdar imidlertid at han aldri har vore på loftsrommet, men at han hadde frivillig sex med kvinna i trappeoppgangen.

– Skulle kvinna ha teke med seg oppatt på loftsrommet både dyna, ølboksen og den ferdigrøykte sigarettsneipen, spurte aktor.

– Ho la fram få detaljar

Forsvararen til den eldste av dei tiltalte kravde full frifinning for sin klient. Han meiner det ikkje ligg føre noko prov for at dei seksuelle handlingane skjedde under tvang.

– Kvinna si forklaring ber preg av å ha lite detaljar. Ho fortel lite om kva som eigentleg gjekk føre seg. Og vi får lite forklaring kring kven denne tredsje, uidentifiserte personen er, sa forsvarar Reidar Andresen under si prosedyre.

– Ho gjorde ikkje anskrik

Forsvararen minte også om at kvinna og hans klient blei liggande og sove i same seng i fleire timar etter handlingane. Dette viser at ho ikkje følte seg truga på nokok måte, sa forsvararen.

– Ho gjorde heller ikkje noko anskrik då dei tidleg neste ettermiddag gjekk til rutebilstasjonen. Dei møtte fleire personar, blant anna ein som jobba i kiosken. Ho tok ikkje noko kontakt for å sikre vitneprov, sa forsvararen.

I retten forklarte kvinna at ho i periodar kunne vere svært impulsiv. Dette kunne få utslag som at ho brått kunne kjøpe ein flybillett og reise til Oslo.

– Var denne kvelden ein slik impulsiv dag, spurte forsvararen retorisk.

– Det var ikkje valdtekt

Forsvararen til den yngste av dei tiltalte sa i prosedyren at hans klient aldri har nekta for at han har hatt sex med kvinna. Den tiltalte vedgjekk dette straks han blei konfrontert med forholdet, og han har ikkje lagt skjul på dette.

– Men det var ikkje valdtekt og det skjedde ikkje i fellesskap med nokon annan mann, sa forsvarar Dagfinn Tynes.

Tynes held også fast ved forklaringa om at hans klient aldri har vore på loftsrommet der valdtekten skal ha skjedd. DNA-spora må ha kome dit på anna vis, sa Tynes.

– Det var kvinna som tilbaud han sex, og dette var noko som kvinna ville, sa Tynes.

Forsvararen meiner det ikkje er tilstrekkelege prov for at klienten hans har gjort noko overgrep mot kvinna. Han avviste også at klienten hans skulle betale erstatning til kvinna.

Tiltale for vald

Den yngste tiltalte er også tiltalt for vald, både i heimen til den tidlegare sambuaren og ute på byen. Han har vedgått at han sparka sambuaren og at han kasta ein kniv som traff henne.

– Han gjorde dette i affekt, det var ikkje meininga å treffe og han er oppriktig lei seg for at dette skjedde, sa forsvararen. Han ha til at han også er lei seg for å ha dytta eit av barna hennar.

Forsvararen karakteriserte dette som enkeltepisodar og ikkje som vedvarande mishandling. Han trekte også i tvil om paret eigentleg var sambuarar, i og med at den tiltalte hadde huvere ein annan stad.

– Er uskuldige

Mot slutten av rettssaka fekk begge dei tiltalte høve til ein sluttkommentar. Begge dei tiltalte hevda si uskuld i valdtektssaka. Den yngste tiltalte vedgjekk igjen at han hadde vore valdeleg mot den tidlegare sambuaren sin, og nytta høvet til å gje ei unnskulding til dei han hadde vore valdeleg imot.

Det blir dom i saka onsdag 10. juli. På grunn av ferieavvikling blir det ikkje avsagt dom med partane til stades. I staden blir dommen kunngjort via telefon til Hustad fengsel, der dei tiltalte sit. Det vert sett ein ankefrist på 14 dagar.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.