Hopp til innhold

Krev fengsel i 4 år i omfattande overgrepssak

ÅLESUND (NRK): Mannen som er tiltalt for blotting overfor mindreårige og for å ha forleda barn til å kle seg nakne bør straffast med fengsel i fire år, sa aktor Cathrin Remøy under si prosedyre i Sunnmøre tingrett tysdag. Forsvararen meiner straffa ikkje må overstige to år.

Overgrepssak Sunnmøre tingrett

Saka mot mannen frå Sunnmøre blir avslutta tysdag.

Foto: Terje Reite / NRK

Mannen i femtiåra er tiltalt for å ha forleda unge gutar til å vise seg nakne framfor nettkamera, og å utføre seksuelle handlingar. Han er også tiltalt for å ha blotta seg i påsyn av mindreårige. Dette skal ha skjedd i samband med bilkøyring i nærleiken av skular i ålesundsområdet.

Mannen har chatta med mindreårige og er tiltalt for å ha utvist seksuelt krenkande åtferd overfor barn under 16 år. Til saman er det 21 fornærma i saka. Dei var mellom 6 og 15 år då handlingane skjedde.

Cathrin Remøy

Aktor Cathrin Remøy.

Foto: Terje Reite / NRK
Mari Vik-Slettvoll

Mari Vik-Slettvoll er forsvarar for tiltalte.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er ein grunntanke i lova om at barn under 14 år ikkje kan samtykke til seksuelle handlingar, sa aktor Cathrin Remøy og varsla at ho meiner handlingane mannen skal dømmast for krev ei streng straff. Etter den nye straffelova skal fleire av handlingane vurderast som valdtekt, la ho til. Saka blir imidlertid behandla etter gamal straffelov.

– Vi snakkar her om ei sak med stort omfang. Tiltalte har drive aktiviteten sin planmessig over lang tid. Og det er mange fornærma, sa aktor. Fleire av barna har vore redde i ettertid, la ho til.

Under etterforskinga blei det funne bilete, video og animerte grafiske framstillingar av mindreårige barn på datamaskinen til mannen.

Dette er i stor grad grove bilde. Her er det ikkje berre poseringar men også bilete av overgrep. Ikkje alle er bilde av reelle personar, men grafiske framstillingar av overgrep. Men også desse bileta byggjer opp om ei interesse for overgrep, sa aktor.

Mannen har vedgått dei fleste faktiske forholda i tiltalen. Men han vedgår ikkje straffskuld for å ha forleda barna til å kle av seg og å utføre seksuelle handlingar.

Avviser å ha forleda barna

Forsvarar Mari Vik-Slettvoll presiserer at tiltalte har vedgått dei faktiske forholda når det gjeld chatte-kontakten med dei unge gutane.

– Men han har ikkje forleda dei i juridisk forstand. Det handlar om jussen, og spørsmålet er om det han har gjort blir omfatta av det juridiske omgrepet «forledelse», sa Vik-Slettvoll.

Forsvarar Mari Vik-Slettvoll seier at tiltalte har begått straffbare handlingar når han har chatta seksualisert med mindreårige. Men ho avviser at mannen har lokka dei mindreårige på ein straffbar måte.

Dersom ungdommane har gått inn på chattesidene for å ha seksualiserte samtalar med folk kan ikkje tiltalte ha forleda dei til dette, sa forsvararen.

Forsvarar Mari VIk-Slettvoll sa under avslutninga av rettssaka at aktor la opp til ei alt for streng straff, og at straffa ikkje bør overstige fengsel i to år.

– Lokka og lurte barna

I si prosedyre la aktor Cathrin Remøy vekt på at mannen har forleda mindreårige til å kle av seg og å utføre seksuelle handlingar med seg sjølve. Mannen skal ha vore naken i badekaret og tok kontakt med barna gjennom fleire chattesider på internett. Aktor hevda at det var tiltalte som var den pågåande parten som tok initiativ til chatte-kontakten.

– Forledelse handlar om ulike former for psykisk påverknad. Det handlar om lokking og luring, sa aktor Cathrin Remøy under si prosedyre. Ho viste blant anna til saker der vaksne har utnytta barn via internett.

Ifølgje aktor har forledelse av barn til å utføre seksuelle handlingar ei strafferamme på 3 år. Om det ligg føre skjerpa forhold kan straffa utvidast til 6 år. Aktor hevda at det ligg føre særleg skjerpande omstende ved fleire av punkta i tiltalen.

Under prosedyren viste aktor til fleire chatteloggar med uidentifiserte barn.

– Tiltalte spurte og masa om å få sjå dei nakne, sa aktor. Han bad også mindreårige om å begå overgrep mot andre, mindre barn. Det er heilt klart at han forleda barna, sa aktor.

Bistandsadvokatar overgrepssak Sunnmøre tingrett

Nokre av bistandsadvokatane i saka. Det er til saman seks bistandsadvokatar til stades under saka.

Foto: Terje Reite / NRK

– Sterkt skjerpande omstende

Aktor var ikkje i tvil om at den tiltalte forleda barna og at det ved fleire tilfelle låg føre sterkt skjerpande omstende. Mannen var naken og han spurte om både å få sjå barna nakne og at dei skulle utføre seksuelle handlingar.

– Det kan ikkje vere tvil om at tiltalte dreiv psykisk påverknad. Det som skjedde var eit psykisk press for så unge. Det er openbert at han forleda dei. Tiltalte kom med ein haug med forslag til kva dei kunne gjere, sa aktor.

Blotta seg ved skular

Det er 11 personar som er registrerte som fornærma i blottarepisodane. Mannen køyrde i bilen sin i arbeidstida og onanerte. Mange av desse køyreturane gjekk til skular i ålesundsområdet. Tiltalte har forklart at han ikkje tok kontakt med mindreårige. Målet var å sjå, ikkje å bli sett. Vitne har imidlertid forklart at mannen sat i bilen, utan bukse på og såg på dei mens han utførte seksuell handling med seg sjølv.

– Tiltalte vedgår forholda der det ikkje er nokon veg utanom. Men han vedgår ikkje når han meiner at politiet ikkje har nok prov. Det det er berre hypotetisk muligheit for at det kan vere andre barna har forklart seg om, sa aktor om eitt av tilhøva som mannen ikkje vedgår straffskuld for.

Forsvarar Mari Vik-Slettvoll sa i si prosedyre at tiltalte ikkje vedgår straffskuld for alle blottar-punkta i tiltalen.

– Eit av barna har skildra ein logo på bilen. Bilen hadde ikkje nokon slik logo. Tiltalte kan difor ikkje forstå at det er han barna har sett, sa Vik-Slettvoll.

Når det gjeld eit tilfelle i nabokommunen Sula meiner tiltalte at han ikkje har vore der på tidspunktet for tiltalepunktet. Tiltalte avviser også eit fjerde punkt i tiltalen.

– Krenkande seksuell omgang

Tysdag ettermiddag la bistandsadvokatane fram sine krav om erstatning. Også bistandsadvokatane la stor vekt på at tiltalte forleda ungdommane til å utføre krenkande handlingar.

– Fråvær av tvang er ikkje det same som at dei mindreårige ikkje er blitt forleda. Her var det spørsmål, oppfordringar, masing og kompliment. Tiltalte var den aktive parten, sa bistandsadvokat Peter Kjergaard Engjaberg. Han kalla deler av aktiviteten kring web-chatten for krenkande seksuell omgang.

Dom i saka fell onsdag 8. februar.