Promilletesting i Kristiansund

To motorsyklistar i Kristiansund slapp bot etter at test nummer to viste lovleg verdi etter ein promilletest søndag morgon. Ifølgje politiet fekk begge utslag på alkometeret første gang, men blåste under lovleg verdi på politistasjonen.