Prognose på minus 100 millionar

Helse Møre og Romsdal hadde underskot også i april. Underskotet enda på 3,7 millionar kroner.

– Utfordringa ligg først og fremst på lønskostnadene, sa økonomidirektør Heidi Nilsen.

Helse Møre og Romsdal hadde i april eit meirforbruk på 6,8 millionar kroner til løn.

Prognosen no tilseier at Helse Møre og Romsdal skal ende opp med eit negativt resultat på 100 millionar kroner ved årsskiftet.