– Eg var uheldig i fjor haust. Noko utvikla seg i kroppen. Musklane streika. Sjølv små belastningar førte til overbelastning, fortel Klinge.
Ho fortel ope om den tunge tida etter at ho vart sjukmeldt før jul i fjor, slik ho også var open om ektemannen sitt sjølvmord i 2010.
– Eg har gått frå å vere synleg til å bli usynleg. Folk spør kvifor eg har vore vekke så lenge, seier Jenny Klinge.
Sju tøffe månader
Mange kjenner Klinge som ein fritalande Senterparti-politikar. Ho har møtt på Stortinget sidan 2006 og er nok best kjent som justispolitisk talsperson.
Jenny Klinge, her fotografert i 2012, har vore stortingspolitikar sidan 2006.
Foto: SenterpartietNo er ho ikkje lenger formelt sjukmeldt, og skal prøve å vere med så mykje ho klarer i valkampen.
Men dei siste sju månadene har vore svært tunge for den profilerte Senterparti-politikaren.
Ho veit enno ikkje kva som eigentleg gjekk gale med henne mot slutten av 2018.
Men smertene har vore store.
Klinge har hatt store problem med å sove om nettene. Ho har hatt problem med å bruke PC, skrive med penn, bruke mobiltelefon og drive med måling – som er ein av hobbyane hennar.
Jenny Klinge begynte å male i 2000 og likar det godt. Men som sjukmeldt dei siste sju månadane har det blitt med dette eine måleriet.
Foto: Jorunn Hatling / NRK– Ikkje enkelt å forstå
Dessutan har Senterparti-politikaren hatt problem med å puste og å snakke.
Og det har vore vanskeleg å møte folk heime i Surnadal.
– Det har plaga meg at eg har sett frisk ut, men at eg ikkje kan arbeide. Det er ikkje enkelt for andre å forstå kva eg har vore gjennom, seier Klinge når NRK møter henne heime på Nordvik ved Todalen i Surnadal.
Klinge utdjupar:
– Eg har kjent på skam av å gå på butikken. Eg har vurdert å la andre gå på butikken for meg. Men då blir det berre verre og vanskelegare. Eg har valt å vise meg ute blant folk, seier 43-åringen.
Jenny Klinge har kjent skam av å gå på butikken, men har valt å stå i det. Marit Meisingset, som tidlegare har jobba saman med Klinge i kommunen, er glad for at Klinge no er på veg tilbake som politikar.
Foto: Tore Ellingseter / NRK– Stolte av Jenny
Ho har fått stor støtte av folk både i heimkommunen og frå andre venner.
Berre éin stygg kommentar har ho fått på nettet: «Er du svak?».
Den sletta ho.
– Vi er stolte av Jenny her i Surnadal. Ho er vår dame. Ho er flink verbalt og dessutan veldig kreativ, som til dømes når det gjeld måling eller å skrive bok. Men ho har ein belastande jobb, seier Marit Meisingset, som Jenny Klinge møter når NRK er med henne på den lokale Coop-butikken.
Klinge har ingen garanti for at ho blir heilt frisk i haust. Men ho vel å gjere eit godt forsøk.
– Det er først no eg føler meg sterk nok til å møte veljarane, seier 43-åringen.
Jenny Klinge på stranda ved heimstaden på Nordvik ved Todalen i Surnadal.
Foto: Jorunn Hatling / NRK