NRK Meny
Normal

Proffboksar trena med lokal bokseklubb

Ein av Noregs mest kjende proffboksarar, Andreas Evensen, trenar denne helga saman med Volda Ørsta bokseklubb

Andreas Evensen

PROFFBOKSAR: Ein av Noregs mest kjende boksarar vitja i dag Volda Ørsta bokseklubb. Der fekk dei oppmøtte ei grundig trening saman med boksaren.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Han var veldig kreativ, han hadde laga eit program som alle kunne følge. Både dei som kan, og dei som ikkje kan å bokse, seier Arthur Otterlei.

boksing

INSPIRERANDE: Arthur Otterlei synest det var veldig spennande å møte ein av sine bokseheltar.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Og så var det veldig inspirerande å møte ein person eg har sett opp til lenge, held han fram.

I dag kunne Volda Ørsta bokseklubb invitere til foredrag med proffboksaren Andreas Evensen. I to dagar ska Evensen undervise og trene medlemmane ved den lokale bokseklubben, og alle andre som ville ta turen.

Inspirerande treningsøkt

Evensen hadde tatt seg fri frå treningskvardagen for å trene den lokale bokseklubben, og var interessert i kva medlemmene hadde starta opp.

Magnus Bjerknes Andreas Evensen

MOROSAMT: Frå venstre Andreas Evensen og Magnus Bjerknes.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Eg har ein god venn som er køyrelærar. Han fortalte meg at han hadde ein køyreelev som hadde starta opp bokseklubb, og eg blei veldig nysgjerrig på kva som føregikk der, seier Evensen.

Dei oppmøtte fekk verkeleg testa seg, både med og utan hanskar, i ei intensiv treningsøkt med Evensen. Evensen følgde nøye med og gav gode råd både om teknikk og trinn.

– Rolla mi her i dag er å vere trenar og veileiar for dei. Men dei oppmøtte skal få ta seg av mesteparten av treninga, og så skal eg stå for kjeftinga, seier ein lattermild Evensen.

Med motivasjonsforedraget «Min veg frå amatør til proff», fortalte Evensen om si eiga reise innanfor boksing. Ei reise som starta på same måte som hjå medlemmene i Volda Ørsta bokseklubb, nettopp i ein gymsal.

– Føredraget mitt vil handle om vegen min innanfor boksing. I tillegg vil eg snakke om kor viktig det er å ha gode støttespelarar rundt seg, og at ein må jobbe framover som eit lag, seier Evensen.

Saka held fram etter bilete.

boksing

TRENING: Mange hadde møtt opp for å få trene med proffboksar Andreas Evensen.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Sjølv tykkjer han lokale bokseklubbar spelar ei viktig rolle i å trene opp nye norske talent.

– Eg kjenner igjen historia. Sjølv kjem eg frå ei bygd med omtrent 800 innbyggarar, der det aldri hadde vore noko tradisjon for boksing. Så kanskje kan det kome ei ny storstjerne innanfor boksing her frå, seier Evensen.

– Det er eit veldig godt tiltak av ungdom som er fulle av energi og pågongsmot, og det likar eg, held han fram.

Lokal bokseklubb

For i den gamle gymsalen på Lid skule, finn vi i dag fylkets nyaste bokseklubb. I den vesle bygda i Volda kommune, har ei gruppe unge pådrivarar gått saman for å skape eit lokalt boksemiljø.

Klubben vart offisielt starta for omtrent fire månadar sidan av Magnus Bjerknes og trenar Grzegorz Kutak. Men allereie før den tid var det bokseaktivitet i gymsalen på Lid skule. Det heile byrja med omtrent ti gutar som brukte å samlast for å trene boksing.

– I starten brukte eg å reise til Ålesund for å trene, men det blei for langt å reise berre for å trene, seier Bjerknes.

Saman med eit par vener byrja han difor å trene på eigen hand. Men det var først då dei fekk med seg Kutak på laget, at bitane byrja å falle på plass. No trenar dei om lag to gongar i veka, nokre gongar oftare, og får ei grundig opplæring i teknikk og riktig trening av Kutak.

Bokselærar

TRENAR: Grzegorz Kutak trenar til vanleg medlemmene ved Volda Ørsta bokseklubb.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Det var faktisk gjennom bestefaren min at vi kom i kontakt. Han jobbar saman med Kutak og fortalte han om bokseklubben, seier Bjerknes.

Dette syntest Kutak var veldig interessant. Kutak, opprinneleg frå Polen, er tidligare proffboksar og har jobba som trenar både i Polen og England.

Sjølv hadde han leita etter ein lokal bokseklubb då han kom til området fem år tidligare, men manglande tilbod gjorde at han tok seg ei pause frå boksinga.

– Då eg høyrde om bokseklubben synest eg det var veldig spennande. Det er kjekt å kunne kome hit og trene med desse ungdommane, seier Kutak.

Han tykkjer det er positivt at ein har fått starta opp eit boksemiljø i Volda og Ørsta.

– Det er bra at ein kan utvide det sportstilbodet som fins her for unge. Ikkje berre dei tradisjonelle sportane, seier Kutak.

Vil bli større

Men klubben er framleis i startfasa. No vil dei satse vidare og bli større, helst i nye lokale. Men då treng dei sponsorar.

– No jobbar vi mot å kunne kjøpe ein boksering, men då treng vi sponsorar. Målsetjinga er å kunne byrje med kampar i framtida, då treng vi ein boksering, seier Bjerknes.

Medlemmene i bokseklubben håpar å kunne delta på kampar i framtida. Med ei nedre aldersgrense på 11 år, oppmodar dei fleire til å bli med.

– Vi vil gjerne ha fleire medlemmer, slik at vi kan etablere eit boksemiljø her i området. I tillegg håpar vi å kunne flytte til Volda eller Ørsta, og få lokale der. På den måten har kanskje fleire moglegheit til å bli med på treningane, seier Bjerknes.

Og på spørsmålet om kvifor akkurat boksing, var svaret klart.

– Det eg likar med boksing er at det berre er deg mot ein motstandar. Du har berre deg sjølv å stole på, og det er du som må gjere innsatsen, seier ein klart motivert Bjerknes.

boksing

TRENING: Mange hadde møtt opp for å få trene med proffboksar Andreas Evensen.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK