Professoren som skal jobbe med effektiv og miljøvennleg kollektivtransport, skal vere på plass frå hausten.
Det er Samferdselsdepartementet som finansierer professoratet som er ein del av regjeringa si satsing på å styrke og effektivisere kollektivtransporten i byområda.
Det har vore ein beinhard konkurranse om dette professoratet i bytransport, og Skogsholm seier at sjølv om Molde er ein småby, har høgskulen fagleg tyngde.
Høgskulen i Molde er vald fordi denne skulen har ei brei kompetanse innanfor dette forskingsfeltet.