Hopp til innhold

Meiner at det ikkje er full jobb å avvikle gamal kommune

Jusprofessor er kritisk til at ordførar heva dobbel lønn under kommunesamanslåing. Han meiner arbeidsmengda slett ikkje svarar til to stillingar.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland kaster glans over de nye kommunene i Møre og Romsdal.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland kasta glans over dei nye kommunane i Møre og Romsdal. Her er det Tove Henøen i Hustadvika kommune som helsar på Mæland.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tove Henøen (Sp) fekk 500.000 kroner i lønn som ordførar i tre månader. Ho heva løna frå gamle Fræna kommune. Samstundes fekk ho løn frå den nye Hustadvika kommune.

Politikarane reagerer på at ho fekk dobbel løn når kommunen er i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Jan Fridtjof Bernt

Professor emeritus, Jan Fridtjof Bernt, meiner det skal vere lite arbeid den gamle kommunen før ei kommunesamanslåing.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Lite jobb og høg løn

No får ho kritikk frå fleire.

– Det skal ikkje vere særleg mykje arbeid for ein ordførar dei siste månadene før ei samanslåing. Ho får dobbel løn for å ikkje gjere så mykje meir enn éin jobb, seier professor emeritus, Jan Fridtjof Bernt, ved Universitetet i Bergen.

Han forklarar at arbeidet i den gamle kommunen er svært avgrensa før samanslåinga, sidan hovudansvaret for å planlegge og treffe vedtak ligg hos den samanslåtte kommunen.

Betale tilbake

Bernt meiner ordføraren burde ha oppdaga dette og bedt om at løna i gamlejobben blei nedjustert.

– I hennar stad ville eg ha betalt tilbake. Ordføraren er ikkje ein alminneleg lønstakar. Ho bør sjølv kunne vurdere kva som er politisk og etisk forsvarleg, seier Bernt.

Magne Lerø

Redaktør i ukesavisen Ledelse, Magne Lerø, meiner at dobbel løn er ein uting.

Foto: Caroline Tolfsen / NRK

– Dobbel løn er uting

Redaktør i ukesavisen Ledelse, Magne Lerø, meiner at det ikkje høyrer heime nokon stad å få dobbel løn.

– Ho kan ikkje seie at ho har jobba dobbelt. Kan ho dokumentere at ho har hatt ekstraordinært mykje arbeid med å avvikle den gamle kommunen, kan det forsvarast at ho får ei godtgjersle, men ikkje dobbel løn, seier Lerø. Han meiner dobbel løn er ein uting, sjølv om det ikkje er ulovleg.

LES OGSÅ:

Sa frå seg dobbel løn

Jon Askeland

Jon Askeland sa frå seg dobbel løn då han blei fylkesordførar samstundes som han var ordførar.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Ein som sa frå seg dobbel løn er Jon Askeland (Sp). Han kunne heva løn både som ordførar i gamle Radøy kommune og fylkesordførar i Vestland.

– Ein kan berre gjere full jobb ein stad, så eg bad kommunestyret om at godtgjersla mi blei stoppa, seier Jon Askeland (Sp). Radøy slo seg saman med to andre kommunar og Askeland meiner det var langt frå fulltidsjobb å vere ordførar i månadene før samanslåinga.

– Det var svært få oppgåver att. Det var eit reint forretningsministerium, seier Askeland.

Innanfor lova

Tove Henøen seier andre får vurdere om arbeidet ho gjorde som ordførar i to kommunar samstundes, var nok til å få løn for begge verva.

– Det er vanskeleg å seie i ettertid om det var klokt eller ikkje. Vi vedtok sikkert dette reglementet utan å reflektere. Kommunesamanslåing har vi ikkje gjort før, seier Henøen.

For kommunestyret vedtok reglementet for godtgjersle, og Henøen seier at også dei andre som gjekk vidare i nye stillingar frå den gamle til den nye kommunen fekk godtgjersle for dette.

– Eg, som alle andre har heldt meg til regelverket. Om dette var riktig eller gale er vanskeleg å seie no i ettertid. Slik vart det, seier Henøen.

Henøen seier oppdraga i den gamle kommunen var det same som det hadde vore. Ho har ikkje tatt stilling til om ho vil betale tilbake pengane.

– Det vil jo gjelde alle som tok i mot godtgjersle for verv i begge kommunane, seier Henøen.