Normal

– Eg gremmast over bjørkene eg har saga ned

Bjørketre i Ørsta på Sunnmøre ber på ein av verdas kraftigaste antioksidantar i naturen. Chaga-soppen, som i Kina og Russland er svært populær som naturmedisin, finst no i pulverform.

Chaga-sopp på bjørketre i Ørsta

HARD: Slik ser Chaga-soppen ut. Den er nesten like hard som stammen den veks på.

Foto: Arne Flatin / NRK

I Volda på Sunnmøre blir det no laga chaga-sopp i pulverform og råvarene kjem frå bjørketre på ein gard i nabokommunen Ørsta.

Det er Volda Elektriske Mylne som arbeider med å gjere soppen om til pulver og eigaren meiner at produktet er helsesamt.

– Vi kan i alle fall gå god for at det er, om ikkje verdas kraftigaste antioksidant frå naturen, så er det i alle fall ein av dei, seier Elias Roger Moe, dagleg leiar i Volda Elektriske Mylne.

Elias Roger Moe

Elias Roger Moe, dagleg leiar i Volda Elektriske Mylne.

Foto: Arne Flatin / NRK

Chaga-soppen, eller kreftkjuke som fleire kanskje kjenner den som i Noreg, veks på bjørketre på den nordlege halvkule. NRK sende i 2013 eit innslag frå Oppdal om soppen i Noreg rundt. Volda Elektriske Mylne slepp no, ifølgje dei sjølv, den første godkjende, økologiske, norskproduserte chaga-soppen i pulverform.

Kva slags godkjenning måtte de ha på plass for å kunne setje i gang med dette?

– Først så måtte vi få stadfesta at chagaen var godkjent av Statens legemiddelverk. Når det var på plass, så måtte Mattilsynet godkjenne dyrking, hausting og produksjonen heime hos oss.

For det er nemleg heime på garden til Moe sjølv at soppen vert hausta. Og heime er det berre ein ting han angrar på.

– Eg gremmast over alle dei bjørkene eg har saga ned og kappa til ved, der det har vore Chaga på. Eg skulle gjerne visst det eg veit no for 20 år sidan, seier Moe.