Hopp til innhold

Problemferja ute av drift igjen

Redusert kapasitet på Hareid - Sulesund.

Ullensvang

Ullensvang er igjen ute av drift. (Arkivfoto).

Foto: Arne Flatin / NRK

Bilferja Ullensvang er igjen ute av drift på det tett trafikkerte sambandet Hareid - Sulesund.

– Vi har truleg problem med hovudmotoren igjen, seier regionsjef Inge André Utåker i Norled til NRK Møre og Romsdal.

Plass til færre bilar

Høgsfjord er no B-ferje, og laurdagsrutene går som normalt. Men Høgsfjord har plass til berre 76 bilar Ullensvang tar 120.

– Dette skulle vi svært gjerne unngått no i pinsa. Vi gjer det vi kan for å få ferja i orden att så raskt som råd, seier Inge André Utåker i Norled.

Inge Andre Utåker er regionsjef i Norled

Inge André Utåker i Norled håper ferja raskt kan vere i drift igjen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK