Hopp til innhold

Privatjet frå Manchester til Molde

Rundt klokka 12 i dag landar ein privatjet frå Manchester på Molde lufthamn Årø. Ombord er høgst truleg MFKs nye trenar.

Molde lufthamn Årø
Foto: Gunnar Sandvik. / NRK

29. juli 1996 gjekk stortalentet Ole Gunnar Solskjær frå Molde til Manchester United. I dag, 9. november 2010 er han venta tilbake til Rosenes by.

Ga ikkje opp

Men sterke krefter i MFK - med Kjell Inge Røkke som pådrivar - ga ikkje opp. Dermed er Solskjær nok ein gong venta til Aker stadion.

Ifølgje united.no er engelskmannen Mark Dempsey alt på plass i Molde. Dempsey blir truleg Solskjærs assistent. Dempsey vart henta frå Tromsø, men har tidlegare vore på lønningslista til Manchester United.

Privatjet frå Manchester

Kjelder ved Molde lufthamn Årø stadfestar at dei ventar ein privatjet i dag.

– Det landar ein privatjet frå Manchester rundt klokka 12, får NRK opplyst.

For ein månad sidan var Ole Gunnar Solskjær på Aker stadion. Den gongen sa han nei til trenartilbodet frå gamleklubben.