NRK Meny
Normal

Private vil finansiere skipstunnel

Stad skipstunnel kan verte finansiert av private investorar.

Tegning Stad Skipstunnel
Foto: KYSTVERKET / SCANPIX

Acta Kapitalforvaltning har fått inn ein milliard kroner til investeringar i samferdselsprosjekt og vil gjerne bidra til skipstunnelen.

Det seier dagleg leiar ved Acta Kapitalforvaltning i Ålesund seier Kjetil Blomvik.

- Acta sine kundar kan då vere med på å finansiere Stad skipstunnel og leggje ut pengane no dersom styresmaktene ikkje har kapital no, seier Blomvik.

Låg risiko

Slik privatfinansiering av store samferdselsprosjekt er vanleg i fleire andre land. Investorane tek kostnaden og risikoen og så leiger staten prosjektet tilbake.

Dermed får investorane også avkasting på pengane sine til svært liten risiko, seier Blomvik.

Førebels er Acta Kapitalforvaltning dei einaste i Norden som har tilbod om investeringsfond retta mot samferdsel.

Prøveprosjekt

Og politikarane på stortinget er ikkje avvisande til ideen om å la Stad-tunnelen vere eit prøveprosjekt.

- Det vil vere eit utmerket prosjekt å prøve dette ut på. Så får vi sjå om ein kan bruke same finansiering på andre samferdsleprosjekt seinare, seier stortingsrepresentant Leif Helge Kongshaug frå Venstre som har vor ein pådrivar for Stad skipstunnel.

Også leiar i finanskommiteen på Stortinget, Reidar Sandal frå Arbeidarpartiet, er open for å vurdere privat finansiering av skipstunnelen.

- Eg er fyrst og fremst opptatt av å få realisert prosjektet, og mindre opptatt av kven som har den praktiske utføringa, seier Sandal.

- Meir vanleg i framtida

Dagleg leiar ved Acta Kapitalforvaltning i Ålesund, Kjetil Blomvik kjenner seg trygg på at dette er ei ordning som vil verte vanleg i framtida.

- Eg trur norske styresmakter vil vakne på dette området fordi det er vanleg i utlandet, seier Blomvik.